Hopp til innhold

Tapte i retten – får åtte vindturbinar i turområdet sitt om få dagar

Vindkraftmotstandarane tapte rettssaka mot staten for å stanse utbygginga av åtte vindturbinar på Haramsfjellet på Sunnmøre. Allereie om få dagar blir dei 150 meter høge tårna sett opp.

Haramsøy3

Styret i Nei til vindkraftverk på Haramsøya har stått klare med mobiltelefonen i føremiddag og venta på beskjed frå advokaten sin om resultatet av rettsaka mot staten.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Motstandarane av vindkraftverket på Haramsøya fekk hundrevis av lukkeønske før rettssaka starta, men det var truleg fånyttes.

No slår Møre og Romsdal tingrett fast at løyvet til å bygge åtte vindturbinar er gyldig, og arbeidet kan dermed halde fram for fullt.

– Dette er veldig skuffande, det er veldig synd at retten ikkje set ned foten for den lovpraksisen som staten har og overkøyringa av lokalsamfunnet, seier Birgit Oline Kjerstad i Nei til vindkraftverk på Haramsøya.

Birgit Oline Kjerstad i Sunnmøre tingrett

Birgit Oline Kjerstad i Nei til vindkraftverk på Haramsøya gret under ei av rettsakene i Sunnmøre tingrett. Også i dag er ho svært skuffa og seier at dette går ut over tilliten til forvaltninga i landet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho seier ho hadde håpt på eit anna utfall, og at dei førebels ikkje har bestemt seg for om saka blir anka.

I tillegg til det sviande tapet må dei også betale nesten ein million kroner i sakskostnader.

– Det er betryggande å sjå at tingretten konkluderer slik tingretten og lagmannsretten tidlegare har gjort, og at konsesjonen er gyldig, seier Olav Rommetveit i utbyggarselskapet Zephyr.

Hans Petter Thue blir arrestart etter å ha nekta å flytte seg.

Bildet av Hans Petter Thue gjekk landet rundt. Han nekta å flytte seg frå anleggsvegen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det har vore fleire rettssaker om vindkraft dei siste åra, men det er første gang sjølve konsesjonsspørsmålet blir prøvd i ein norsk rettssal.

Nakne flaggstenger 17. mai

Det blir truleg mange tomme flaggstenger på Haramsøya 17. mai. Vindkraftmotstandarane har på førehand varsla at dei ikkje vil flagge på nasjonaldagen dersom dei tapte saka mot staten og Haram Kraft AS.

Og slik blei det.

Jill Smith i styret i Nei til Vindkraftverk seier ho ikkje kjem til å feire 17. mai i år. Og ho trur fleire vil følgje etter.

Flagg på halv stang på Haramsøya.

Flagget blei fira på halv stang då dommen blei kjent på Haramsøya fredag. Fleire varslar at dei ikkje vil flagge på 17. mai.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Dei kjenner seg svikta, dei ser kvifor ikkje dei skal heise flagget på grunnlovsdagen vår, når dei kjenner at Grunnlova har blitt broten på nokre punkt, seier ho.

Etter tre rundar i retten og utgifter på rundt 4,5 millionar kroner, er slaget førebels over. Motstandarar over heile landet har deltatt i innsamling av pengar for å finansiere dei tre rettssakene.

Allereie synleg på lang avstand

Deler av dei omstridde vindturbinane på Haramsfjellet kan allereie sjåast frå lang avstand og om få dagar blir dei 150 meter høge tårna sett opp.

Styremøte hos Nei til vindkraftverk på Haramsøya

Styret i Nei til vindkraftverk møttes i dag for å ta imot dommen. F.v. Lisbeth Austnes, Birgit Oline Kjerstad, Jill Smith og Oddny Halkjelsvik.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

For medan motstandarane har kjempa på alle frontar, har arbeidet på fjellet gått sin gang. Det som har vore turområde og beitemark er no ein byggeplass med breie vegar og store sår i terrenget.

Nyleg kom dei 67 meter lange rotorblada til øya. Det førte til at fleire motstandarar hoppa i sjøen for å forsøkje å stanse skipet med den omstridde lasten.

Årelang strid på øya

Vindkraftkonsesjonen blei gitt i 2009, men først i 2019 blei byggeplanane eit faktum. Då hadde det gått så lang tid at motstandarane på Haramsøya trudde prosjektet var skrinlagt.

Protest mot vindkraft

Motstandarane av vindkraftverk på Haramsøya har protestert på mange ulike vis for å stoppe utbygginga. Så langt har det vore fånyttes.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Opphavleg vart det gitt konsesjon til 16 turbinar, men ekstremvindar gjorde at ein ikkje kunne bruke heile det planlagde området. Dermed blei talet på turbinar halvert og det same blei kraftproduksjonen

Og nettopp dette har vore stridens kjerne i rettssaka. Vindkraftmotstandarane meiner konsesjonen blei gitt basert på ein langt høgare kraftproduksjon enn det som er mogleg, og dermed er ugyldig. Det har dei ikkje vunne fram med.

I dommen heiter det: «Som det fremgår av rettens redegjørelse foran har retten kommet til at det ikke foreligger feil ved konsesjonsmyndighetens vedtak som gjør konsesjonen ugyldige. De påberopte feilene er vurdert både hver for seg og samlet.»

No takkar vindkraftmotstandarane dei som bidratt i kampen.

– Tusen takk til alle som har lese, dokumentert, skrive, ringt, argumentert, gått på fjellet, aksjonert, gitt gåver, gråte, banna eller bedt for Haramsøya. Vi er uendeleg takksame. I dag er vi enormt skuffa, men all støtta vi har fått varmar og inspirerer oss til vidare kamp for naturen og lokalsamfunnet, skriv dei i ei pressemelding.

Regjeringsadvokat Anders Blakstvedt seier at dei førebels ikkje har fått studert dommen nøye, men er godt fornøgd med å ha vunne fram på alle punkt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL