Hopp til innhold

Vindkraftaksjonist må betale erstatning for aksjonar

Vindkraftaksjonisten nekta å flytte bilen sin for anleggsmaskinene på Haramsøya. No er han dømt til å betale over 250.000 kroner til utbyggaren.

Hans Petter Thue blir arrestart etter å ha nekta å flytte seg.

Hans Petter Thue blei arrestert då han nekta å flytte seg på Haramsfjellet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Då bygginga av dei åtte vindturbinane på Haramsfjellet starta, blei aksjonist Hans Petter Thue landskjend for å hindre anleggsmaskinene å køyre opp på fjellet.

Han parkerte bilen sin på tvers av fjellvegen og budde i bilen i 14 dagar, før politiet tilkalla bergingsbil og flytta både bilen og mannen.

Thue har også nekta å innrette seg etter politiet sine instruksar fleire gongar. Tingretten meiner at han blant anna braut ferdselsforbodet på fjellet og at han prøvde å hindre at ein bil med dynamitt fekk kome med ferja, saman med ei gruppe aksjonistar.

Hans Petter Thue

Hans Petter Thue budde i bilen sin i 14 dagar før politiet bestilte bergingsbil.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Blei «radikalisert»

Thue forklarte i retten at han i starten ikkje var medlem av noko organisert gruppe. Han ville beskytte den private eigedomsretten og meinte at utbyggaren ikkje hadde rett til å køyre over familien sin eigedom. Ifylgje tiltalen skal han seinare ha blitt «radikalisert» og ynskja å beskytte naturen og dyrelivet frå vindturbinane.

Tapte store summar

Haram kraft meiner at dei har blitt påført store tap på grunn av desse aksjonane. Stenginga av fjellvegen skal ha ført til ekstrakostnader til leige av maskiner, utstyr og personell. Også ferjeaksjonen forseinka arbeidet og gjorde at dei tapte 25.100 kroner.

I Møre og Romsdal tingrett blei Thue dømt til å betale 257 671 kroner i erstatning til Haram kraft. Han er også dømt til å betale ei bot på 30.000 kroner.

Anka på staden

Vindturbinar på Haramsøya

Turbinane på Haramsfjellet er no ferdig monterte.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

Hans Petter Thue anka dommen på staden og er heilt usamd i retten si avgjerd.

– Eg anka både for lovbruken, bevisforståing, straffeutmåling og erstatningskravet, seier Thue til NRK. Han forklarar at han handla slik han gjorde fordi han hadde rett til å både parkere og ferdast på familien sin eigedom. Han har også ei bekymring for korleis naturen blir påverka av vindkraftanlegget.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte dommen.