Hopp til innhold

Vil redde båtflyktningar

Reiarlaget Bourbon Offshore AS i Herøy ønsker å sende eit skip for å bidra i redningsarbeidet i Middelhavet.

Bjørn Idar Remøy

Reiarlaget Bourbon Offshore AS i Herøy ønsker å hjelpe båtflyktningane i Middelhavet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Minst 3500 båtflyktningar har mista livet på veg til Europa det siste året, ifølgje FNs høykommissær. Den italienske kystvakta ventar over 100 000 flyktningar i 2015. Ein stor del av flyktningane flyktar frå konflikten i Syria.

Reiarlaget Bourbon Offshore AS i Herøy kan på kort varsel stille med skip for å berge båtflyktningar i Middelhavet.

Regjeringa vil sende eit sivilt norsk skip til området snarast mogleg, og Bourbon Offshore har alt sendt beskjed til styresmaktene om at dei er klare for oppdraget.

– Vi var der i fjor, og ønsker å bidra med det vi kan. Dette er ei humanitær krise og vi meiner det er viktig å stille oss til rådigheit, seier administrerande direktør Bjørn Idar Remøy.

– Ei stor påkjenning

Remøy seier at dersom dei får oppdraget er det viktig at mannskapet om bord er godt førebudd på den påkjenninga det kan bli å delta i redningsarbeidet. Mannskapet må difor sjølv melde seg frivillig dersom dei vil reise.

Eit mannskap på om lag 15 er nødvendig – i tillegg til helsepersonell.

– Det er kjekt når ein klarer å berge liv, men mannskapet kjem også til å kome bort i situasjonar der personane allereie er omkomne. Det er ein tøff situasjon, noko mannskapet må vere førebudd på, seier han.

Bratt læringskurve

Den administrerande direktøren trur erfaringane som Bourbon Orca gjorde i Middelhavet i fjor, vil kome godt med.

Bourbon Orca i redningsaksjon

Bourbon Orca bidrog til redningsarbeidet i Middelhavet i fjor.

Foto: Privat

– Vi var ikkje førebudd på kva som ville møte oss i fjor og det vart ei bratt læringskurve for mannskapet, seier Remøy.

– Å berge to-tre personar er ein ting, men når det er snakk om 200 pluss, då blir det ein heilt anna situasjon, held han fram.

Regjeringa hadde lova eit norsk skip i området frå 1. august, men vil no sende hjelpa snarast råd.

Bourbon Offshore kan ha eit forsyningsskip klar innan ti dagar, og tilbodet frå selskapet er alt sendt styresmaktene via Noregs Rederiforbund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL