Ifølgje ein fersk rapport frå FNs høykommissær for flyktningar (UNHCR) har rekordmange lagt ut på den risikable reisa over Middelhavet sidan januar. Av meir enn 207.000 personar har 3 419 mista livet, ifølgje FN-rapporten.
FN meiner derimot at mørketala er store, fordi mange av flyktningane forsvinn på havet, utan at det blir registrert nokon stad.
Søndag fekk mannskapet på «Bourbon Orca» pris for årets heltedåd under TV Norge-programmet «Norske heltar». Prisen fekk dei for sin innsats med å redde over 1900 flyktningar frå drukningsdøden i Middelhavet. Onsdag blei dei heidra igjen, denne gongen av FN.
MS «Bourbon Orca» er eit Ankerhandteringsskip som vart bygd hjå Ulstein Verft AS for Bourbon Offshore Norway.
Takka for innsatsen
Saman med Rederiforbundet var sjømennene invitert av FNs høykommissær for flyktningar (UNHCR), Antonio Guterres, til å delta på FN-toppmøtet i Genève om båtflyktningar.
Guterres takket nordmennene for innsatsen, men var klar på at verdssamfunnet må ta utfordringane med båtflyktningar på alvor.
– Ein må sjå på årsakene til at dei er på flukt. Det inneber å sjå på kvifor dei flyktar, kva som hindrar dei frå å søke om asyl på tryggare vis og kva som kan gjerast for å slå ned på dei kriminelle nettverka som tener pengar på situasjonen,
samtidig som offera må beskyttast, sa Guterres.