Det er Sunnmørsposten som melder dette i dag. Det er i adm. dir. Stig Slørdahl si innstilling til styremøtet i Helse Midt-Norge den 15-16. juni at han foreslår at Volda skal få behalde akuttkirurgien.
Direktøren seier likevel at det kan verte utfordringar til å sikre nok kirurgar til sjukehuset, grunna det lave pasientgrunnlaget. Vidare heiter det at Helse Midt-Norge forventar eit tettare samarbeid mellom fagmiljøa i Volda og Ålesund for å sikre kompetansen ved sjukehuset i Volda.
Tidlegare forslag om å leggje ned akuttkirurgi-tilbodet i Volda har vakt stort lokalt engasjement, og folk har gått i fakkeltog for å vise sin motstand.
Sjukehusforkjempar Bent Ingebrigtsen er ikkje overraska over forslaget
Foto: Asgeir Reksnes / NRKEin av dei tydelegaste forkjemparane for sjukehuset har vore Bent Ingebrigtsen, fastlege i Hornindal.
– Dette er ei veldig god nyheit for folket på Søre Sunnmøre og Nordfjord og for dei som arbeider ved sjukehuset, seier Ingebrigtsen til NRK.
– Er du overraska?
– Nei, eg har oppfatta at argumenta vi har kome med i denne prosessen har vorte lytta til. Det hadde vore meir overraskande om ein faktisk valde å ta vekk akuttkirurgien, seier Ingebrigtsen.
Han er ikkje uroa for at styret ikkje skal følgje innstillinga frå direktøren.
– Dette er eit svært sterkt signal, og sjølv om ein aldri skal ta noko for gitt, så vil eg tru at det blir lytta til. Det er gode argument for å behalde akuttkirurgien ved Volda sjukehus, seier Ingebrigtsen.