Hopp til innhold

Vil ha tiltak etter hjortepåkøyrslar

Ettersøksleiar i Sande kommune meiner at strekninga der ei kvinne vart alvorleg skadd førre veke, må skiltast.

Ulykke i Gurskebotn i Sande

Ei kvinne vart alvorleg skadd etter ein hjortepåkøyrsel i Gurskebotn, der tre bilar var involverte.

Foto: Erlend Vikene / NRK

Fredag 11. november vart ei kvinne alvorleg skadd etter ein hjortepåkøyrsel i Gurskebotn i Sande. Også fire andre vart sende til sjukehus. Tre bilar var involverte i ulykka, der den første bilen trefte ein hjort. Dyret skal ha treft fronten på ein motgåande bil, som seinare kolliderte med ein tredje bil.

– Dette var skrekkeksempelet på ein hjortepåkøyrsel, seier Bjarte Rovde.

Han er ettersøksleiar for Sande kommune. Kvart år er det i snitt 10 hjortepåkøyrslar på den halvanna mil lange strekninga mellom Larsnes og Gursken. I løpet av dei to siste vekene har fire hjortar blitt påkøyrt.

Rydde skog

På strekninga er det mørkt, svingete og mykje skog. Rovde meiner at det trengst tiltak for å unngå fleire alvorlege ulykker. For fleire år sidan bad viltnemnda om at Statens vegvesen skulle skilte vegen, men fekk til svar at skilt har ikkje dokumentert effekt for å få ned talet på hjortepåkøyrslar.

– Eg meiner at det trengst skilt på strekninga. I tillegg bør skogen ryddast for å betre sikten, seier Rovde.

Ordførar Dag Vaagen (H) seier at kommunen vil ta opp saka og be Statens vegvesen vurdere om det bør settast inn tiltak.

Hjortepåkjørsel

Haust og vinter er det størst fare for hjortepåkøyrslar. Hittil har 330 hjortar i landet blitt påkøyrde.

Foto: Bjørnar Erlandsen

LES OGSÅ:

Har effekt

For Statens vegvesen er skilt det viktigaste tiltaket for å unngå påkøyrslar.

– På den måten vert bilistane ekstra påpasselege i område der faren er stor, seier Elisabeth Røland.

Ho er miljøkoordinator i Statens vegvesen og kjenner ikkje til saka i Sande, men uttalar seg på generelt grunnlag. Ho seier at det er ei kjent sak at på strekningar med mange skilt kan bilistane ta mindre omsyn til viltskiltet, men det betyr likevel ikkje at skilta er utan effekt. Vegvesenet jobbar no med å sette skilt berre der det er naudsynt. Dei vurderer også kampanjar om viltskilt.

Rydding av skog for å betre sikten er eit anna tiltak.

Elisabeth Rødland

Elisabeth Rødland i Statens vegvesen seier at dei jobbar med å skilte på dei rette stadane.

Foto: Knut Opeide

Skilt på feil plass

Ei undersøking Statens vegvesen har gjort i Møre og Romsdal, Nord- og Sør-Trøndelag viser at om lag 40 prosent av skilta er plasserte på stader der det er liten fare for hjortepåkøyrslar.

– Dyra flyttar på seg over tid. Skilt som var plassert ut for ein del år tilbake, er ikkje alltid riktig plasserte i dag. Dette er noko vi må følge opp og endre på, seier Elisabeth Røland. Ho er miljøkoordinator i Statens vegvesen. Ho seier at enkelte av skilta bør fjernast, andre bør flyttast. I tillegg finst det utsette strekningar som ikkje har skilt.

Statistikk frå Hjorteviltregisteret viser at det vart påkøyrt 24 hjortar i Møre og Romsdal i oktober. Hittil i november har 16 dyr blitt påkøyrt. I heile landet har 330 hjortar blitt påkøyrt i 2016.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL