NRK Meny
Normal

Hjorten gir blaffen i biltrafikk og jakt

Kvifor er det så mykje hjort på og langs vegane? Og kvifor gøymer han seg ikkje bort midt i hjortejakta? Svaret kan ligge i menyen.

Kronhjort hjort bukk frønningen

Hjorten er svært kresen på maten, og likar mykje heller saftig gras på eng enn tørt og vissent gras i utmarka.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Har du fått ein skikkeleg støkk og måtta bråbremse bilen fordi hjort brått spring over vegen i skyminga? Har du registrert store hjorteflokkar beitande på opne enger utan å ense at dei blir jakta på? Eller har du kanskje vore så uheldig å få ein hjort midt i grillen på bilen? Du er ikkje åleine.

Laster Twitter-innhold

I haust har det vore svært mykje hjort i og langs vegane i skyminga. Mang ein hjortepåkøyrsel og nestenulukker er resultatet.

Hjort på Bønes måtte jages bort

Hjorten kan vere utruleg dristig og nærgåande overfor biltrfikken.

Foto: Kjetil Rydland

Søker beste matfatet

Ulf Lucasen i miljøavdelinga hos fylkesmannen i Møre og Romsdal, kjenner godt vanar og uvanar hos hjort, og har ein teori om kvifor hjorten oppfører seg som han gjer.

– Eg trur det skuldast dei usedvanleg friske, fine og freistande grøne engene denne hausten. Gode temperaturar på seinsommaren og ein fin, fin start på hausten har gjort graset ekstra saftig. Dette matfatet freistar mykje meir enn tørt og vissent gras i utmarka, seier Lucasen.

Ulf Lucasen

Ulf Lucasen har ein teori om kvifor så mykje hjort kryssar vegane .

Foto: Kristoffer Antonsen / NRK

Engene er framleis er lite prega av haustleg forfall. Ofte ligg dei der vegnettet går. Hjorten forlet skogen og kryssar vegane til matfatet og gir blaffen i både bilar og hjortejakt, meiner Lucasen.

Jakta gjer hjorten dristig

Hjortejakta har vart ein månad, og hjortane opplever skyting og at dyr ved sidan av dei stuper. Men dei venner seg liksom til jakta.

– Erfaringa er at hjorten blir meir dristig når det lir litt ut i jaktperioden. Etter den første, intense jaktveka, verkar han mindre skvetten, og kjem fram frå skogen på leit etter betre beite, seier Ulf Lucasen.

Sjølv blei han overraska då han på høglys dag såg ein flokk på 15 - 20 hjortedyr midt i vegbanen ved Betna i Halsa.

– Dei stod midt i solsteiken, og både eg sjølv og dei andre i bilen, blei overraska over å sjå kor dristige dyra kan vere.

Død hjort

Ein påkøyrd hjort ved vegbanen er eit trist syn. denne møtte døden i vegkanten på Leinøy.

Foto: Hellevik, Unni / NTB scanpix

Hjorteflokk på enga

Nils Kåre Frøysa i Sunnylvsbygda i Stranda er ein av mange hundre jegerar i Møre og Romsdal. Han stadfester at hjorten søkjer seg til innmarka også under hjortejakta om hausten.

– Morgonen jaktsesongen starta gjekk 19 hjortar og beita rundt våningshuset her på garden. Dei søkjer seg til grøne enger i store flokkar. Men oftast forsvinn dei før det blir skikkeleg skyte-lys om morgonane, så beiting gir ingen garanti for at du klarer å felle nokon av dei, seier Frøysa.

Jeger poserer med hjortehoder

Nils Kåre Frøysa er ein ivrig hjortejeger som kjenner råsene der hjorten kryssar vegen i bygda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Den erfarne jegeren har også registrert gjennom media, at det har vore svært mykje vegkryssing og påkøyrslar av hjort i år.

– Men her i bygda veit folk stort sett kvar hjorten trekkjer over vegen, og slakkar ned på farta. Det er verre der trafikken er stor, og bilistane er ukjente med kvar hjorten kryssar vegbanen, meiner Frøysa.

Det varme haustveret som er varlsa, vil nok gjere sitt til at hjorten framleis blir lokka til å krysse vegane til matfat på grøne enger.