Hopp til innhold

Vil ha fleire arbeidsplassar

Fylkesordførarkandidatane frå Arbeidarpartiet og Høgre lovar begge effektive tiltak for å avgrense arbeidsløyse i fylket i åra framover.

I dag startar valkampen for alvor. Fylkesordførarkandidatane frå Arbeidarpartiet og Høgre lovar begge effektive tiltak for å begrense arbeidsløyse i fylket i åra framover.

Sjå tv-saka: Fylkesordførerkandidatene kjempar begge mot høgare arbeidsløyse. Bygging av miljøvenlege ferger kan vere ei løysing. Foto/redigering: Øyvind Sandnes

Valkampen i Møre og Romsdal er i gang, samtidig som leiinga i store bedrifter som Rolls-Royce skjærer ned på talet på arbeidsplassar.

Jon Aasen

Jon Aasen (Ap) trur at strenge krav til miljøvennleg teknologi kan gjere det letter for norsk industri å vinne anbodskonkurransane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Arbeidarpartiet meiner at enno meir miljøvennlege ferjer er eit stikkord for å utnytte kompetansen til dei som blir ledige i oljesektoren.

Strenge krav til miljøvennleg teknologi skal gjere det letter for norsk industri å vinne anbodskonkurransane.

– Det er dette teknologikravet som på nær sikt kan berge delar av den maritime industrien. Der er vi veldig gode, og vi kan bli enno betre.

Her er det mange arbeidsplassar som teknologisk også kan nyttast innanfor andre område, seier Jon Aasen (Ap) fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Må sette i gang tiltak

Tiltak mot aukande arbeidsløyse er også noko som opptar Høgre sin fylkesordførarkandidat.

Charles Tøsse (H)

Tiltak mot aukande arbeidsløyse er også noko som opptar Høgre sin fylkesordførarkandidat, Charles Tøsse (H).

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg registrerer at det er tøffe tider og har mykje sympati for dei som vert ramma av dette, og difor er det ekstra viktig at det vert ført ein politikk som styrkar konkurransekrafta til norsk læringsliv, seier Charles Tøsse (H), fylkesordførarkandidat.

For dagens fylkesordførar blir det viktig å bruke Innovasjon Norge i kampen mot arbeidsløysa. Han meiner regjeringa vil redusere denne organisasjonen til nesten ingenting.

– Det er snakk om å ta vekk det lokale styret og fylkeskommunen som deleigar. Eg trur det vil svekke Innovasjon Norge, seier Aasen.

Dei to fylkesordførarkandidatane satsar ulikt, men har eit felles mål for å behalde høgteknologiske arbeidsplassar i Møre og Romsdal også i åra framover.

– Det er veldig viktig å sette i gang tiltak som sørgar for at den kompetansen som no er i Møre og Romsdal blir her og kan gjere nytte for seg på lengre sikt, seier Tøsse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL