Hopp til innhold

NAV ventar fleire oppseiingar

200 tilsette ved Rolls-Royce i Hareid fekk onsdag beskjed om at fabrikken skal leggast ned. Mange bedrifter slit og NAV-direktøren trur at fleire kjem til å bli oppsagt framover.

Rolls-Royce Hjørungavåg

Onsdag fekk til tilsette ved Rolls-Royce i Hjørungavåg beskjed om at fabrikken vert lagt ned.

Foto: Svein Smørdal / NRK

Offshorebransjen går gjennom ei tøff tid og mange har mist jobben. Onsdag fekk Rolls-Royce-tilsette i Hjørungavågen i Hareid den tunge beskjeden om at arbeidsplassen deira vert lagt ned. Fabrikken produserer utstyr til seismikk- og subsea-fartøy, men ordretilgangen er så låg at dei ikkje kan halde fabrikken gåande. Produksjonen skal flyttast til ein annan Rolls-Royce-fabrikk på Sunnmøre og mange av dei tilsette mister truleg jobben.

LES OGSÅ:

Ventar fleire ledige

NAV-direktør Stein Veland meiner fleire arbeidstakarar må rekne med nedbemanning i tida framover.

– Vi trur det vil vere ei viss auke av arbeidsledige, men det kjem nok ikkje masseoppseiingar. Våre forsiktige antydningar viser at toppen av nedbemanningar enno ikkje er nådd, seier Veland.

Ut ifrå det NAV erfarer vil marknaden spør etter kompetanse frå den maritime bransjen i slutten av 2016.

Stå på sjølv

For dei som har fått varsel om oppseiing, er det viktig å stå på sjølv for å finne ny jobb.

– Bruk ditt private eller faglege nettverk for å sjå om der er bedrifter i same bransje som kan vere interessert i arbeidskrafta di, seier Veland.

Det å vere aktiv sjølv og leite etter stillingsannonsar på nett, kan gjere at tida utan jobb vert kortare.

Når bedrifter nedbemannar er NAV tidleg i dialog med bedriftsleiinga for å gi informasjon til dei tilsette. Sjølv om NAV ventar at fleire kjem til å stå utan jobb framover og treng bistand, har dei ikkje ekstra ressursar til å ta seg av desse.

– Vi må omprioritere det mannskapet vi har, slik at vi best mogleg kan rettleie folk som treng det, seier Veland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL