Hopp til innhold

Vidar planla draumebildet i 40 år – i sommar fekk han endeleg utteljing

Fotografen hadde fantasert om det spesielle motivet sidan 70-talet. Endeleg fekk han det til, takka vere dronar.

Dronebilde Geiranger

– At cruiseskipet kom forbi var ikkje planlagt. Det hadde eg ikkje tenkt på. Flaks, seier Vidar Moløkken. I sosiale medium har Moløkken fått store mengder ros for biletet.

Foto: Vidar Moløkken

– Akkurat som eg har håpt på så lenge. Eg vart letta og glad, seier fotografen Vidar Moløkken etter at draumebiletet var i boks.

Men vegen fram dit har vore lang.

På slutten av 1970-talet såg Moløkken ein turistreklame med bilde frå Geirangerfjorden. Motivet var noko av det finaste han hadde sett av det vestlandske fjordlandskapet, som har fasinert Moløkken sidan han var liten gut.

Vidar Moløkken

Fotograf Vidar Moløkken.

Foto: Privat

– Det var eit makelaust fint bilde. Då eg var liten gut var Vest-Noreg og fjordlandskapet der det aller viktigaste, seier han.

Spektakulær foss

51-åringen kjem frå Elverum i Hedmark, der landskapet er langt flatare og mindre dramatisk.

Seinare har han vore i Geiranger og teke bilde fleire gonger i den godt besøkte verdsarvfjorden.

Draumemotivet var likevel å kome endå nærare den spektakulære Gjerdefossen, som med sine 700 meter er den tredje høgaste i landet.

Han spekulerte lenge i korleis han kunne kome seg til i det kronglete og farlege terrenget ut mot fossen.

Planane inkluderte å rappellere ned fjellveggen i tau, feste kamera til ein heliumballong, eller å leige eit helikopter.

Dronebilde Geiranger

Eit anna motiv Vidar Moløkken tok i Geiranger.

Foto: Vidar Moløkken

Brukte drone

Men dei siste åra har droneteknologien skote fart, og i vinter skaffa Moløkken ein sjølv og begynte å trene på å flyge.

I juni vart det full klaff.

Moløkken stod opp tidleg for å få sola lysande rett inn på fossen, og klarte å flyge dronen roleg mot fossen.

– Det vart eit ganske spektakulært syn som dukka opp på skjermen etter kvart som eg nærma meg fossefallet. Til alt overmål kom eit digert cruiseskip seglande inn fjorden, og sette ein aldri så liten prikk over i-en, skriv Moløkken på bloggen sin.

Moløkken

Vidar Moløkken er fotograf og leverer bilete til forlag som produserer postkort, kalendrar og liknande. Kanskje kjem eitt av bileta hans frå Geiranger på ein kalender om eit år eller to.

Foto: Vidar Moløkken

Dramatisk flytur

Draumebildet var nesten i boks, men hedmarkingen måtte manøvrere dronen tilbake til der han stod. På det næraste kom dronen berre 50 centimeter unna fjellveggen.

– Det var ikkje så lett å sjå dronen mot fjelleggen, så eg flaug sakte og forsiktig. Skulle den ha krasja hadde bilda vore tapte, seier Moløkken.

Det var ikkje før han kom heim og fekk køyrt bilda gjennom eit program som sette saman bilda til eit stort høgdebilde at fotografen fekk sjå det han hadde hatt lyst på i 30 år.

– Då oppnådde eg det som eg har drøymt om så lenge, seier Moløkken.

– Dårleg rykte

Fleire har rett nok spurt om fotografen braut regelverket då han brukte drone for å forevige draumebiletet.

Men ifølgje Vidar Moløkken hadde han sjekka dette før han planla biletet.

– Folk har eit negativt bilete av dronebransjen grunna uvettig flyging. Det er ikkje bra for oss som vil gjere dette på ein seriøs og god måte, seier Vidar Moløkken.