Hopp til innhold

Så vanskeleg er det å miste verdsarvstatusen

Geiranger og Vegaøyan fryktar å miste plassane sine på den eksklusive verdsarvlista til UNESCO. Men vegen fram dit er lang. Berre to stader har mista verdsarvstatusen sin på 47 år.

Geiranger

KAN KANSKJE MISTE VERDSARVSTATUSEN: Fleire hundre tusen turistar besøker Geiranger kvar sommar. Mange fryktar at dei mistar verdsarvstatusen sin grunna frykta for fleire store ras, men inntil vidare er det ingenting som tyder på at Geiranger mistar den eksklusive plassen deira.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Verken Geiranger eller Vegaøyan er i direkte fare for å miste statusane sine no, seier Tora Aasland, leiar for UNESCO-kommisjonen i Noreg.

Noreg har åtte oppføringar på den eksklusive verdsarvlista, men fleire har i vinter frykta for å miste plassane.

Tora Aasland

Tora Aasland.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Første ute var Geiranger på Sunnmøre, som er oppført på lista saman med Nærøyfjorden i Sogn under paraplyen vestnorsk fjordarv.

Grunnen er at det har gått fleire store ras i Geiranger i vinter, noko mellom andre ordføraren meiner kan føre til frykt for liv og helse, fråflytting og dermed også tap av verdsarvstatusen.

I helga kom det fram at Vegaøyan i Nordland fryktar at dei mistar sin plass på verdsarvlista, sidan ein oppdrettsgigant har fått løyve til å drive oppdrett av laks og aure i området.

Berre to mista plassen

Men å miste verdsarvstatusen sin er ikkje noko du gjer over natta. Sidan lista såg dagens lys i 1972 har ho fått godt over 1000 oppføringar i meir enn 100 land.

Berre to stader har mista statusen sin: Oryx-reservatet i Oman i 2007 og Elben-dalen i Dresden i Tyskland i 2009.

UNESCO har dessutan ei liste over oppføringar som står i fare for å forsvinne ut av lista. Der er ikkje Noreg representert.

– Dei fleste oppføringane her er frå konfliktfylte område i Midtausten og Afrika. Men det er utruleg viktig at dei norske verdsarvstadene blir tatt godt vare på, slik premissane er lagt for å hamne på denne lista, seier Tora Aasland.

Lånan/Vega/Nordland På dunværet, Lånan, har Ærfuglbestanden tatt seg opp og det er flere hekkinger enn før. Det betyr mer dun for de dunsankerne. Foto: Øyvind Nordahl Næss/VG

Vegaøyan er kjende for sitt unike kulturlandskap og for sin eldgamle ærfugltradisjon. Her ser du dei små trehusa som fungerer som heim for ærfuglane medan dei hekkar.

Foto: Scanpix

Ventar på endeleg vedtak

For sjølv om verken Vegaøyan eller Geiranger står i fare for å miste verdsarvstatusane sine no, så følgjer UNESCO-kommisjonen tett med på situasjonane desse stadane har hamna i.

– Når det gjeld Vegaøyan vart det gjort eit vedtak i Nordland fylkeskommune om å gi løyve til eit oppdrettsanlegg like innpå verdsarvstaden. Denne avgjerda er klaga inn mellom anna frå Riksantikvaren til myndigheitene, det vil seie Fiskeridirektoratet, som framleis ikkje har avgjort klagesaka, seier Aasland.

Skred i Geiranger

Om ikkje Geiranger får ein rassikringstunnel ved Grande fryktar mange at fjorden mistar verdsstatusen sin dei i dag deler ved Nærøyfjorden i Sogn.

Foto: Mari Lattik

Og legg til:

– Vi ventar på regjeringa sitt endelege vedtak. Held dei fram å gi dette løyvet må vi vurdere nærare kva vi gjer med saka, seier Aasland.

Og ho forstår godt ordførar Jan Ove Tryggestad og andre som er redde for konsekvensane alle rasa i Geiranger i vinter kan føre til.

– Dei har mi fulle støtte til å bringe temaet om rassikring fram i debatten. Dessutan er det andre problem knytt til verdsarvstatusen til dei vestnorske fjordane, seier Tora Aasland.

Og siktar til forureininga dei mange cruisebåtane gir.

Turister ved cruisekaia i Geiranger

Geiranger er ifølgje mange i fare for å miste sin verdsarvstatus, men det betyr eventuelt ikkje at det blir andre oppføringar frå Noreg som kjem inn i staden. Det ser heller ikkje ut til at Noreg får fleire oppføringar på UNESCO si verdsarvliste enn i dag med det første. Ifølgje Ekspedisjonssjef Einar Holtane i Kulturminneavdelinga i Klima- og miljødepartementet har Noreg heller ingen søknader inne per no. Men det blir sett meir på ein tidlegare søknad om å få vikingarv inn på lista.

Foto: Sissel Brunstad / NRK