Hopp til innhold

Varslar endå meir utflagging frå Stordal

STOCKHOLM (NRK): Leiinga i Helland Møbler i Stordal seier det berre er eit tidsspørsmål før dei flyttar endå meir av produksjonen til utlandet. Fleire av dei andre møbelbedriftene har gjort det same, og ingenting tyder på at trenden snur.

Joakim Helland

Administrerande direktør Joakim Helland i Helland Møbler i Stordal seier dei etter kvart må flytte meir av produksjonen til utlandet. Det klarer ikkje å konkurrere dersom produksjonen skal gå føre seg i heimkommunen.

Foto: Synnøve Hole

Joakim Helland (36) skulle gjerne gjort som bestefaren, som starta bedrifta rett etter krigen, og produserte alt i heimkommunen Stordal. Men dei siste åra har fabrikk etter fabrikk i møbelbygda lagt ned alt eller deler av produksjonen, og flytta til utlandet.

– Meir av produksjonen vil gå ut av landet, slår administrerande direktør Joakim Helland fast.

– Kor lang tid vil det gå før alt er flagga ut?

– Nei, det er vanskeleg å seie. Det er så mange ting som spelar inn, at det er uråd å fastslå, seier han.

Produsert med hjelp frå utlandet

Denne veka viser stordalsbedrifta fram dei nye møblane sine under Møbelmessa i Stockholm. Men stolane er denne gongen berre delvis produserte av arbeidsstokken på 35 heime i Stordal. Resten er gjort i utlandet. I 2014 blei utflagginga eit faktum.

– Vi blir for dyre i forhold til dei utanlandske konkurrentane våre. Vi har difor måtte gå til det steget å kjøpe ein god del komponentar og ferdigprodukt ute, slår tredje generasjon Helland fast.

Les også:

Fleire flagga ut i 2013

Håkon Vad

Dagleg leiar Håkon Vad i møbelbedrifta Vad i Stordal seier det har vore ein tung prosess å flytte produksjonen frå Stordal og til utlandet.

Foto: Synnøve Hole

Nabobedrifta Vad, som blei etablert i 2000, fekk fleire tøffe år med raude tal i rekneskapen, før leiinga innsåg kva som måtte til. Svaret blei å hente hjelp i Finland og Litauen. Det same gjorde Stordal Møbler, som gjekk konkurs og starta opp igjen det same året. Men Håkon Vad i Vad seier avgjerda om utflagging ikkje var enkel.

– På ingen måte. Då vi kjøpte eigedommen i Stordal var det fordi vi skulle satse og vere i Stordal og vere tett på verdikjeda, og no har vi gjort det stikk motsette dei siste to åra. Det har vore ei mindre morosam tid, seier han.

Les også:

– Ingen veg tilbake

Ingen av dei to næringslivsleiarane i Stordal er likevel i tvil om at dei har handla rett. Administrerande direktør Joakim Helland seier det er umogleg å snu utviklinga.

For Vad gav fjoråret for første gong på mange år eit positivt resultat. Også Helland enda i pluss, og ser effekten av utflagginga. Møbelbedrifta har framleis ein arbeidsstokk på 35 i Stordal som produserer møblar. Sjefen håper det ikkje endrar seg for fort framover.

– Vi har hatt som strategi at vi tek eitt og eitt produkt, det skal vere perfekt før vi går på neste produkt. Så det kan ta lang tid.

– Kor lenge klarer du å ha ein arbeidsstokk på 35 i Stordal?

– Det er vanskeleg, umogleg å seie, seier administrerande direktør Joakim Helland.

Helland Møbler sin stand under Møbelmessa

Fleire av møblane på standen til Helland Møbler i Stordal var i år delvis produserte i utlandet. Leiinga ser ingen veg tilbake.

Foto: Synnøve Hole

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL