Hopp til innhold

– Ikkje lett å skaffe jobbar til dei oppsagde

På litt over 20 år har 350 personar har mista jobben sin i møbelindustrien i Stordal. No vert enda fleire arbeidslause.

Stordal i vinterskrud

MISTER JOBBEN: Stordal mister enda fleire arbeidsplassar. Men ordføraren håper å fylle dei tomme lokala i bygda.

Foto: NRK

Joakim Helland

DYRT Å DRIVE: Dagleg leiar i Helland Møbler seier at dei må flagge ut for å spare pengar.

Foto: Brede Røsjø / NRK
Charles Tøsse

TRIST: Ordføraren i Stordal, Charles Tøsse, syns at det er trist at så mange mister arbeidsplassen sin.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Helland Møbler i Stordal seier opp sju tilsette. Dagleg leiar, Joakim Helland, seier at dei må spare pengar, og opplyser at dei samstundes vil flagge ut delar av produksjonen til Baltikum.

Dei sju tilsette som må gå har seks månadars oppseiingstid, og den andre produksjonen ved Stordalsbedrifta vil halde fram med 42 tilsette.

– Vi lever i ei tid der det er veldig vanskeleg å drive industri i Noreg på grunn av konkurranse med store delar av verda. Det er ei stor utfordring når kostnadsnivået er såpass mykje høgare enn i andre land. Vi merkar dette godt, seier ordførar Charles Tøsse.

Ordføraren er glad for at dei er i gong med eit vekstkommune-prosjekt, som skal vere til hjelp for nye bedrifter, etableringar og arbeidsplassar.

– Det er ikkje enkelt å få arbeid i Stordal, men på same tid ser vi viktigheita i å skape større bu- og arbeidsregionar, god kommunikasjon og betre vegsamband. På den måten kan folk pendle enklare, seier Tøsse.

Vil finne nye arbeidsplassar

I juni i fjor gjekk Stordal Møbler konkurs, og 36 tilsette mista jobben. Tre veker seinare var bedrifta i gang igjen. Men berre halvparten av dei tilsette fekk kome tilbake til jobb.

To månader seinare bestemte møbelbedrifta Vad å flytte produksjonen til Baltikum og sa opp 22 tilsette. Sidan juni 2013 har rundt 50 personar blitt arbeidslause i møbelbransjen i bygda.

Tøsse sa til NRK i august at det var under 100 arbeidsplassar igjen i møbelindustrien i Stordal. NAV Storfjorden opplyser at det no har gått ned til rundt 70.

– I 1990 var det 450 arbeidsplassar, så utviklinga er tydeleg, sa Tøsse i august.

– Kva tenker du om at fleire møbelfabrikkar må redusere talet på tilsette?

– Det er trist. Spesielt for dei som mistar jobben. Men vi vil hjelpe til med å skape nye arbeidsplassar i kommunen. Det er hovudmålsettinga vår, seier Tøsse.

Vil fylle tomme lokale

Tøsse fortel at dei tek utgangspunkt i det som allereie er i bygda og den kompetansen som ligg lokalt.

– Vi har ledige lokaler – dessverre – men vi er optimisiske til å få til ny drift i desse.

Ordføraren kjenner det naturleg å treffe dei som har mist jobben, og han fortel at dei har god erfaring med NAV frå tidlegare situasjonar. Tøsse vil difor styrke dei, og har god tru på at NAV gjer alt dei kan.

Ledige jobbar i andre bransjar

Anders Norvald Hammer

Kontorsjef i NAV Storfjorden, Anders Norvald Hammer, kan ikkje love arbeid til alle, men seier NAV vil bistå så godt dei kan.

Kontorsjef i NAV Storfjorden, Anders Norvald Hammer, seier at Stordal står ovanfor ei kjempeutfordring.

– Det er ein vanskeleg situasjon, og det er ikkje nødvendigvis over enda. Men vi skal hjelpe til så godt vi kan. Vi veit at det er ledige arbeidsplassar innan detaljhandel, transportbransjen og i helse og omsorg, seier Hammer.

I desember såg NAV at fleire hadde fått jobb. Det trur Hammer er fordi fleire tør å satse innan andre bransjar.

Bør vurdere pendling

Kontorsjefen fortel at det er ledige jobbar i andre bransjar. Men han seier at både NAV og den enkelte arbeidssøkjar må orientere seg mot andre mogelegheiter.

– Alle som ønskjer vil få hjelp, men ein må vere førebudd på å sjå etter arbeid i eit større geografisk område.

Hammer seier at det er fleire stader i området som vil få fleire ledige arbeidsplassar i framtida – blant dei er Digerneset som no er under utvikling.