Hopp til innhold

For eitt år sidan blei det ordretørke – gjenbruk sikrar framtida

Nye krav til gjenbruk kan redde tradisjonsrik næring. Målet er at gamle møblar kan leve i mange tiår til.

Claus Hoff, marknadssjef i Refurn

Marknadssjef Claus Hoff i Refurn pussar ned 30 år gamle stolar frå ei kantine i Stavanger.

Foto: Remi Sagen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

EU har rekna ut at det blir kasta 10 millionar tonn møblar årleg i EU. Difor er gjenbruk, ombruk og reparasjon av møblar viktige satsingsområde for å få ned utslepp av klimagassar.

Møbelprodusenten Sitwell i Stordal på Sunnmøre har merka at også fleire bedrifter ønsker å bruke om att gamle møblar, og har no starta fabrikken Refurn.

– Under pandemien heiv vi oss rundt og laga smittevernfrakkar. No var det på tide å sette ein annan idé ut i livet: ein fabrikk for renovering av møblar, fortel Claus Hoff.

Claus Hoff, far Geir Hoff og og onkel Nils Tore Hoff

Claus Hoff, far Geir Hoff (TV) og onkel Nils Tore Hoff

Foto: Remi Sagen / NRK

– Som å slå av ein brytar

I fire generasjonar har familien drive møbelproduksjon på Sunnmøre. I denne delen av landet har møbelfabrikkar lange tradisjonar, med Ekornes som det store lokomotivet i møbelklynga.

Fabrikken Refurn har vore ein idé nokre år, og i januar starta dei opp.

Kundane er private bedrifter og offentlege kontor som vil renovere i staden for å kjøpe nye møblar til arbeidsplassen.

– I desember i fjor var det som å skru av ein brytar når det gjeld ordrar på nye møblar. Framtida hadde nok ikkje sett så lys ut som den gjer i dag om vi ikkje hadde starta Refurn. På denne måten har vi skaffa oss nye gode ordrar og aktivitet, seier Hoff.

Refurn, Claus Hoff

Claus Hoff seier mange av møblane som blei produserte i Noreg på 90-talet har svært god kvalitet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Gode stolar

Nyleg var marknadssjef Claus Hoff i Stavanger og henta 70 stolar og 25 bord frå kantina til bedrifta Norce. Dei skal pusse opp, og vil heller renovere møblane enn å kjøpe nye.

– Stolane er veldig gode å sitte i. Så å hive eller gi vekk stolar som er så gode, og kanskje få inn nye som ikkje er like komfortable, det er verken berekraftig eller bra for dei som skal bruke stolane, seier Nora-Lise Kristiansen er leiar for eigedom i selskapet.

Nora-Lise Kristiansen i Norce og Claus Hoff i Refurn ryddar ut kontorstolane i kantina til Norce i Stavanger.

Nora-Lise Kristiansen i Norce og Claus Hoff i Refurn ryddar ut kontorstolane i kantina til Norce i Stavanger.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Ho fortel at dei kanskje hadde klart å finne billegare stolar, men om dei skulle hatt nye i same kvalitet som dei gamle, ville det blitt dyrare å kjøpe nytt enn å renovere.

– Dei er nok allereie 30 år. Vi kjøpte dei brukt for 15 år sidan. No skal dei pussast opp, og vi har fått garanti for at dei då vil vare i minst ti år til.

Claus Hoff sjølv trur dei kan vare i 30 år til.

Refurn i Stordal

Møbelfabrikken Refurn ligg i Stordal og dreg nytte av kunnskap og varer i møbelklynga som held til på Sunnmøre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Høgt forbruk

Klimautvalet 2050 kom i oktober med sin rapport om korleis Noreg skal nå målet om å bli eit lågutsleppsamfunn innan 2050.

I rapporten slår dei fast at den økonomiske utviklinga i Noreg har ført til at vi har eit høgare forbruk enn andre land, og at det oftast er billegare å kjøpe nytt enn å reparere.

Sigurd Vildåsen

Sigurd Sagen Vildåsen er seniorforskar i SINTEF.

Foto: SINTEF

Seniorforskar Sigurd Sagen Vildåsen leiar forskingsstiftinga SINTEF si satsing på sirkulærøkonomi.

Han seier nye EU-krav kan sette fart på utviklinga av sirkulærøkonomi i Noreg, og bedrifter som er i forkant av reguleringar vil kunne oppnå konkurransefordelar.

– EU kjem med lovgiving på løpande band for å framme sirkulærøkonomi, og dette vil treffe møbelindustrien.

Han viser til at ekspertgruppa som gir råd til EU innan berekraftig finans peiker på ulike strategiar og verkemiddel.

– Til dømes meir reparasjon av brukte møblar, og nye forretningsmodellar der ein leiger i staden for å eige, seier han.

Les også Norge verst i klassen på gjenbruk: – Forståelsen av et rikt liv må omdefineres

Overforbruk

Gjer det meste sjølv

Claus Hoff, marknadssjef i Refurn

Claus Hoff er marknadssjef i Refurn, men tar like gjerne på seg arbeidskle og jobbar i fabrikken.

Foto: Remi Sagen / NRK

I fabrikken i Stordal er Claus Hoff og dei andre tilsette godt i gang med å pusse ned kantinemøblane frå Stavanger. Dei skal få nytt trekk og ny farge på treverket.

– Når vi renoverer møblar pussar vi ned, re-lakkerer eller målar treverket. Vi kan også redesigne møblane til å bli meir moderne, seier han.

Gjennom alle år har bedrifta tatt vare på skruar, stoff og andre delar som er nyttige no når dei har starta ein ny industri.

– Vi likar ikkje å kaste ting. Det kan jo kome til nytte ein dag, og no viser det seg at det gjer det. Vi har hatt det litt for godt i Noreg og har difor ikkje kome så godt i gang med sirkulærøkonomi, men dette vil nok bli ein større del av framtida, seier møbelprodusenten Claus Hoff.

Refurn

Refurn har sikra arbeidsplassar i Stordal i nedgangstidene møbelbransjen no er inne i.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga