NRK Meny
Normal

Håper å slå gjennom med designstol av 70 år gamalt trevirke

STOCKHOLM (NRK): Inga Fløystad Ellingsgård (22) frå Molde håper at det 70 år gamle trevirket frå onkelen skal hjelpe henne å bli oppdaga som designer. Denne veka stiller ho ut stolen sin for den internasjonale møbelbransjen i Stockholm.

Inga Fløystad Ellingsgård

Inga Fløystad Ellingsgård (22) frå Molde har brukt 70 år gamalt bjørketre i stolen som ho no stiller ut på Møbelmessa i Stockholm.

Foto: Synnøve Hole

22-åringen frå Molde har reist langt - både geografisk og tidsmessig - for å hente materiale til stolen sin "Lia". Bakbeina i bjørk kjem frå dei gamle trea som far til onkelen hennar felte for over 70 år sidan.

– Eg har vore veldig heldig som har fått med den slektsbiten i mitt prosjekt. Det er eg veldig stolt over, seier Fløystad Ellingsgård.

Har vore lagra på låve i 70 år

For materialet til bakbeina på stolen kjem frå Randsfjorden i Oppland. Her blei fleire gamle bjørketre felt for rundt 70 år sidan. Sidan har dei ligge til lagring på ein låve hos onkelen til 22-åringen. Heilt til ho oppdaga det. Onkelen, Ole Sand (62), syns det er stas.

Lagde stol av gammelt treverk
Foto: Privat

– Jau, det er kjekt. Eg plukka ut nokre plankar til henne så ho skulle ha noko ordentleg å lage stol av, seier Sand.

Han seier far hans la trevirket til sides for mange år sidan, og at det har vore fleire innom garden for å prøve å få kjøpe. Han trur bjørketrea blei planta for omlag 140 år sidan.

– Så gamal bjørk er det ikkje lett å få tak i, men eg har ikkje selt, ler gardbrukaren.

Han trur den avdøde faren ville likt å vite kva dei gamle bjørketrea skulle bli brukt til i 2015.

Stiller ut blant møbeleliten

Spisestovestolen "Lia"

Bakbeina på stolen 'Lia' er laga av bjørketre som blei felte for om lag 70 år sidan.

Foto: Synnøve Hole

Denne veka stiller Inga Fløystad Ellingsgård ut stolen sin "Lia" under Møbelmessa i Stockholm. Arrangørane sjølv omtalar messa som den største og viktigaste møteplassen i verda for nordisk design.

Saman med 12 andre tredjeårsstudentar frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen er Fløystad Ellingsgård inviterte til å vise fram det dei har laga dei siste månadene.

– Eg er jo litt stolt, det er veldig kjekt å få vere med på dette. Og så har det vore ein lang prosess, og no får vi sjå eit ferdig produkt som vi har arbeidd med og tenkt på i lengre tid. Det er veldig kjekt, seier 22-åringen.

Trur gjenbruk blir ny trend

Professor Dave Vikøren

Professor Dave Vikøren trur at gjenbruk kjem til å bli meir aktuelt i tida framover.

Foto: Synnøve Hole

Professor Dave Vikøren ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen trur at gjenbruk kjem til å bli meir aktuelt, også i møbelverda i tida framover.

– Eg trur det er meir og meir aktuelt etterkvart som vi får eit fokus på produksjon i nærleiken, med nære materiale og i mindre seriar. Då går det an å begynne å sjå på kva som ligg på lager rundt om kring, seier han.

Han syns stolen har blitt flott.

– Dette er ei veldig frisk og leiken lita sak, han er litt frekk fordi han kombinerer tre hovudmateriale med tre ulike fargar. Det er litt utanfor reglane, og gir fokus på bakbeina som designaren har tatt utgangspunkt i, seier han.

Ventar 40 000 besøkande

Inga Fløystad Ellingsgård

Inga Fløystad Ellingsgård (22) syns det er spesielt å få vise fram stolen sin 'Lia' på Møbelmessa i Stockholm denne veka.

Foto: Synnøve Hole

Inga Fløystad Ellingsgård og dei andre kollegaene er svært spente på kven som kjem innom standen deira. Ilag med ei rekkje andre uetablerte designarar har dei fått sitt eige område på møbelmessa, Greenhouse.

Møbelmessa ventar rundt 40 000 besøkande. Om den rette personen går forbi stolen til Inga Fløystad Ellingsgård, kan det bety sal og suksess.

- Det beste er jo at folk er interesserte og set pris på det ein har laga. Og så kan det jo hende at det kjem nokon som har lyst å produsere han i tillegg. Ein veit jo aldri kven som går forbi her og kven ein snakkar med i løpet av ein dag. Plutseleg står han på butikkhylla!

Kor realistisk er det?

– Veldig urealistisk, ler 22-åringen.

Men av og til vinn ein i lotto. Kanskje er det min tur no, ellers får det vere ein annan gong, ler ho.