Hopp til innhold

Vil lokke nye møbelkundar ved hjelp av sunnmørsfjell og Kvikklunsj

Møbelprodusenten Fora Form i Ørsta forsøkjer å lokke til seg nye kundar ved hjelp av sunnmørsfjell, kvit snø og Kvikklunsj. I taket på standen på Møbelmessa i Stockholm heng eldgamle treski.

Stand for Fora Form på Møbelmessa i Stockholm

Snødekte ørstafjell, ski og norsk sjokolade er tatt i bruk for å fokusere på det norske på standen til Fora Form under Møbelmessa i Stockholm. F.v. interiørarkitekt Bente Helleland og salssjef Frode Sporsheim.

Foto: Synnøve Hole

Dei har henta fram sunnmørsfjell, norsk sjokolade, appelsin og setesdalsmønster for å skilje seg ut under Møbelmessa i Stockholm denne veka. Fora Form med hovudsete i Ørsta gjer det dei kan for å stå fram som norske.

Salssjef Frode Sporsheim hos Fora Form

Salssjef Frode Sporsheim seier Fora Form ønskjer å vere ein spydspiss for å unngå at den norske designen og møbelproduksjonen forsvinn.

Foto: Synnøve Hole

– Vi syns at det norske treng å få sin plass i skandinavisk design. Etter kvart som vi ser at norsk design slår gjennom i klemote, smykkemote og kunst har vi sett at vi har noko å vere stolt av. Vi ønskjer å framheve internasjonalt at vi er norske, seier salssjef Frode Sporsheim.

Les også:

Ønskjer å vere ein spydspiss for norsk design

Standen til ørstafirmaet skil seg ut under Møbelmessa i Stockholm. Bokstavane i firmanamnet er stilte ut i meterhøg isopor levert frå Vartdal Plastindustri, tapetserte med enorme bilete av snødekte ørstafjell. I taket heng eldgamle ski. På bordet ligg appelsin og norsk sjokolade. Golvet er dekt med kvitt vegg-til-vegg-teppe som skal illustrere nysnø. Sporsheim seier Fora Form har ein misjon utover å tene pengar.

– Det er få norske bedrifter igjen som gjer det bra, og vi ønskjer å vere ein spydspiss. Dersom vi ikkje no tek vare på den norske designen og den vesle industrien som er igjen, blir det viska ut. Det er ikkje mogleg å byggje opp igjen noko som er borte, det ser vi i tekstil- og skobransjen, som har vore store i Noreg, men som brått er borte, seier Sporsheim.

Blanda mottaking hos dei andre

Anne Mette Beck

Danske Anne Mette Beck syns ikkje standen til Fora Form er heilt vellukka. Ho meiner ørstafirmaet burde fokusert endå meir på fjella.

Foto: Synnøve Hole

Mats Strandow er ein av dei 40 000 besøkande som er innom Møbelmessa. Han er svensk etableringscoach, og let seg imponere av sunnmørsfjella.

Ja, wow! Utstillinga merkar seg ut, ho er artig og litt utfordrande, seier han.

Danske Anne Mette Beck, som stiller ut møbelstoff ikkje langt unna, syns ikkje den norske standen er like vellukka.

– Eg syns det er brukt for mykje blått lys og for mange effektar. Eg ser absolutt fjella, men dei burde kanskje vore meir framheva.

– Er det fornuftig, trur du, å fokusere på det norske?

– Ja, det syns eg, men det burde vore meir reindyrka, slår ho fast.

Har brukt nesten ein million på standen

Standen til Fora Form i Stockholm

Meterhøge bokstavar frå firmanamnet er kledde med bilete av ørstafjell. På golvet ligg kvitt vegg-til-vegg-teppe som skal illustrere snø.

Foto: Synnøve Hole

Fora Form har brukt nesten ein million kroner på standen, langt meir enn mange andre av dei andre rundt 700 selskapa som ifølgje arrangøren deltek på møbelmessa. Interiørarkitekt Bente Helleland frå Vik i Sogn, som har teikna standen, seier ho bevisst har fokusert på nærleiken til sunnmørsfjella.

Der ligg fabrikken, der starta alt, og der ligg hovudkontoret og store deler av produksjonen. Alle andre hovudkontor ligg gjerne i Oslo, København og Stockholm, men dette ligg framleis på Møre, og det er ein kvalitet, seier Helleland.

Meiner dei dårlege tidene viser igjen

Salssjefen i Fora Form seier at dei dårlege tidene, som også norske møbelprodusentar har fått merke, viser igjen på standane til mange kollegaer.

Du ser at mange danske og svenske firma sparer. Då er det litt artig å ha ein stand som er påkosta og som er litt annleis. Eg trur vi blir lagt merke til og at det løner seg, seier han.

Les også:

Kjøpt opp av svenskane for to år sidan

Bilete av sunnmørsfjell inni bokstavlogoen til Fora Form

Sunnmørsfjell inni enorme kvite bokstavar skal vekkje merksemd under Møbelmessa i Stockholm, håper Fora Form.

Foto: Synnøve Hole

Fora Form blei etablert i Ørsta i 1929. I 2013 blei møbelbedrifta del av svenske Lammhults Design Group etter å ha vore på norske hender i over 80 år.

Etter at vi blei kjøpt opp av Lammhults har vi nok vore litt redde for at det norske skulle blitt viska ut. Difor har vi no blitt flinke til å bruke "made in Norway", "proudly made in Norway" og det er vi stolte av, seier salssjef Frode Sporsheim i Fora Form.

Sporsheim har tatt imot ei rekke gjester på standen dei siste par dagane. Han seier at mange får assosiasjonar til påskefjellet, når dei kjem innom.

– Det var nettopp det vi ønskte, og i tillegg gje eit lite spark til svenskane no rett før VM i Falun, ler han.