Hopp til innhold

Inntil 80 årsverk blir permitterte ved møbelfabrikk

Landets største møbelprodusent Ekornes permitterer opp til 10 prosent av dei tilsette. – Det er dramatisk for dei det gjeld, seier klubbleiar.

Stresslessen på Ekornes.

Det er berre eitt år sidan 170 årsverk forsvann ved Ekornes. No blir det permitteringar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Møbelprodusenten Ekornes melder fredag ettermiddag om at dei må ty til permittering av inntil 10 prosent av dei 760 årsverka som arbeider med produksjon og montering ved fabrikkane.

Det skriv avisa Nyss. Det er Ekornes sine Stressless-anlegg i Noreg som kjem til å verte råka av permitteringane.

Edvard Lie, hovudtillitsvald ved Ekornes

Hovudtillitsvald ved Ekornes, Edvard Lie, håper at marknaden skal betre seg slik at folk ikkje blir sagt opp.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Håper å unngå oppseiingar

Dei tilsette blei informert om situasjonen tidlegare denne veka, så varselet om permitteringar kjem ikkje overraskande.

– For den det gjeld er det dramatisk. Vi veit ikkje kven det blir endå, men når vi ikkje har noko ordre til å fylle dagane må vi permittere, seier klubbleiar Edvard Lie.

Det er berre eitt år sidan om lag 170 årsverk forsvann. Totalt har 279 personar mista jobben dei siste to åra.

Lie håper at bedrifta slepp oppseiingar denne gongen og at situasjonen har betra seg om nokre månader. Permitteringane gjeld i tre månader.

– Håpet er at vi skal klare å selje nok møblar til at alle skal ha arbeid, seier Lie.

Tine Hammernes Leopold administrerande direktør i Ekornes

Konsernsjef Tine Hammernes Leopold seier at dei måtte ta grep fordi ordreutviklinga har vore svak.

Foto: Pressebilde

Blir eit krevjande år

Konsernsjef Tine Hammernes Leopold, seier at permitteringane reflekterer ein svakt marknad i heile møbelindustrien og det er nødvendig at vi gjer nokre tiltak for å sikre langsiktig konkurransekraft.

Vi har hatt svak ordreutvikling for Stressless i slutten av 2023, og forventningane om 2024 er at det også blir krevjande. Då må vi tilpasse produksjonen for å sikre konkurransekraft når oppturen kjem. Og det meiner vi at den gjer igjen, seier Leopold.

Ho skryt av det gode samarbeidet med dei tilsette.

No har vi vore gjennom oppturar og nedturar i Ekornes tidlegare, og det har alltid vore mogleg, nettopp fordi vi har veldig godt samarbeid med våre medarbeidarar, seier konsernsjefen.

Ho har trua på at marknaden vil normalisere seg igjen.

Ekornes er den største møbelprodusenten i Noreg og eigar av merkenamna Ekornes, Stressless, Svane og IMG.

Les også Folk har ikkje råd til å kjøpe møblar lengre – må kutte i produksjonen

Lagar Stressless på Ekornes