Hopp til innhold

Uvaksinerte helsearbeidarar må jobbe tett på pasientar – kommunen har ikkje andre å be

Uvaksinerte helsearbeidarar blir no sett til å pleie dei eldste og sjukaste under eit pågåande smitteutbrot på Sunnmøre.

Fosnavåg, Herøy. Torill Haddal Remøy

Kommunen har store utfordringar med å handtere smitteutbrotet i Herøy. Fleire eldre og sjuke er råka.

Berre sidan 20. november er 125 av innbyggarane i Herøy smitta av korona. Det er mange i ein liten kommune med 8 800 innbyggarar. No stig smitten også blant dei sjuke og eldste.

Eli Karin Kvalsund

Hovudtillitsvalt Eli Karin Kvalsund meiner tilsette i helsevesenet no har ei moralsk plikt i å vaksinere seg.

Foto: privat

Men langt frå alle helsearbeidarar er vaksinerte, og kommunen vedgår at dei ikkje lenger klarer å omplassere dei uvaksinerte til andre arbeidsoppgåver.

Hovudtillitvalt Eli Karin Kvalsund i Fagforbundet i Herøy ber no alle medlemmene sine i helsevesenet om å vaksinere seg og seier det er ei moralsk plikt.

– Eg tenkjer på alle dei møter, dei skal jo ikkje utsette nokon for fare, seier ho.

Kvalsund vedgår at det er ei vanskeleg sak så lenge det er frivillig for helsepersonell å vaksinere seg.

21 uvaksinerte

På omsorgssenteret i bygda er no til saman 13 smitta av korona, etter at ein vaksinert tilsett testa positivt.

Trond Arne Aglen

Kommunedirektør Trond Arne Aglen i Herøy skjønar ikkje kvifor helsepersonell vegrar mot å vaksinere seg.

Foto: Herøy kommune

Ifølgje kommunen er 21 av dei nesten 400 tilsette i det kommunale helsevesenet framleis uvaksinerte. Kommunedirektør Trond Arne Aglen meiner det er alt for høgt, og seier han har problem med å skjøne kva som ligg bak.

– For meg er det eit paradoks. Det er dei aller svakaste, dei vi er sett til å beskytte, og då ville eg kanskje trudd at samtlege som jobbar der, ville gjere det ein kan for å forhindre at dei vi er sett til å beskytte mest, ikkje blir utsett for smitte, seier han.

Aglen meiner det ville vore enklare for kommunen om det var vaksineplikt.

Har ikkje tru på tvang

Også Høgre-leiar Erna Solberg etterlyste nyleg vaksineplikt for helsepersonell, men assisterande direktør Espen Nakstad i Helsedirektoratet er skeptisk til tvang.

Han trur det kan ha motsett effekt.

– Det som kan skje, er at folk som er i tvil, landar på eit nei, i staden for eit ja til vaksine, dersom dei oppfattar at dette ikkje er frivillig, seier han.

Han minner om også vaksinerte kan ta med seg smitte, og at dei uvaksinerte skal bruke munnbind, hanskar og visir. Og at dei blir testa regelmessig.

Herøy omsorgssenter

Her ved Herøy omsorgssenter er totalt 13 smitta av korona. Seks pasientar og sju tilsette.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Bedt om møte

Koronasmitten har vore utfordrande for Herøy kommune i vinter. Nyleg blei det kjent at kommunen rett og slett gløymde å gje 3. dosen til ein del av dei eldre.

Dette skjer samtidig med at nesten kvar fjerde mellom 25 og 39 år ikkje har vaksinert seg. Tidlegare denne veka blei det sett krisestab.

Eldreombod Bente Lund Jacobsen seier ho kjem til å be om eit møte med Herøy kommune i løpet av kort tid.

– Det er synd at vi skal utsette dei mest risikoutsette for smitte no framover, seier ho.

Eldreombud Bente Lund Jacobsen

Eldreombod Bente Lund Jacobsen ber no om eit møte med Herøy etter smitteutbrotet i kommunen.

Foto: Sissel Brunstad