Opnar for omplassering av uvaksinerte
Helsedirektoratet opnar i eit brev for at helsepersonell som ikkje er vaksinerte kan bli omplassert dersom arbeidsgjevar meiner det er naudsynt. Dei opnar også for at det kan bli sett i verk forsterka smitteverntiltak. Direktoratet understrekar at det er frivillig å vaksinere seg, men at arbeidsgjevar har eit ansvar for å sikre forsvarlege helsetenester, og verne pasientar mot smittefare.
Uvaksinerte tilsette i helse- og omsorgstenesta er ein større fare for pasientar enn dei som er vaksinert, skriv Helsedirektoratet.