Hopp til innhold

– Vi får stadig meldingar frå personar som blir krenka på Facebook

SUNNMØRE (NRK.no): Ei kvinne i tjueåra fekk biletet sitt brukt på ei rasistisk Facebook-gruppe. Slettmeg.no seier at dei har sett ei auke i slike tilfelle.

Skjermdump Facebook

MELDT: Gruppa har blitt klaga inn både til Facebook og politiet. I ein skjermdump kan ein sjå svaret frå Facebook.

Foto: Skjermdump Facebook

skjermdump

AVSTAND: I ein skjermdump frå Facebookgruppa kan ein sjå ein kommentar som tek avstand til gruppa. Den har fått fleire hundre likes.

I ei bygd på Sunnmøre møter NRK kvinna i tjueåra. Ho er roleg, men prega av det som har skjedd.

For om lag ei veke sidan dukka det opp ei gruppe på Facebook som var laga for å drive hets mot den unge kvinna. Sjølv vart ho svært overraska då ho fekk vite at eit bilete av henne vart nytta på ei facebookgruppe med rasistisk innhald.

Gruppenamnet viser klart at den som står bak gruppa ikkje likar mørkhuda menneske.

Ubehageleg

Kvinna seier til NRK.no at opplevinga har vore svært ubehageleg, men vil vere anonym for å sette fokus på det som har skjedd, og ikkje på henne som privatperson.

Gruppa har fått sterke reaksjonar, og fleire har tatt avstand. I ein av kommentarane står det «For ei stygg gruppe, barnsleg. Veks opp drittunge».

Gruppa har allereie blitt klaga inn til Facebook og politiet. Facebook meiner derimot at det ikkje er brot på nettstaden sine standardar.

Men for kvinna er skaden allereie skjedd. Det ho ser på som spesielt ille er at bilete ligg ute slik at alle kan sjå det, og at ho sjølv ikkje har moglegheit til å fjerne biletet.

Stod i mot mobbing på nett Sunnmøre
Foto: Skjermdump

Auka pågang

Runar Skaare Tveiten

AUKA PÅGANG: Runar Skaare Tveiten merkar at fleire tek kontakt på grunn av problem på nett.

Foto: Privat

Runar Skaare Tveiten, er rådgivar i råd- og rettleiingstenesta slettmeg.no. Tenesta skal hjelpe personar som føler seg krenka på nett. Ifølgje Tveiten har det vore ei auke i personar som tek kontakt.

– Vi får stadig meldingar frå personar som på ulike måtar blir krenka på Facebook. Eg vil påstå at det er eit aukande problem, seier Tveiten.

Tveiten anbefaler folk å rapportere desse hendingane til Facebook.

– I nokre tilfelle ser vi at Facebook allereie har sletta gruppene før vi rekker å gjere noko. Spesielt i dei mest alvorlege sakene, seier Tveiten.

Likevel vil han oppmode folk til å også melde desse tilfella til politiet.

– Vi vil gjerne at folk meldar slike ting. På den måten blir politiet sjølv klar over at det er eit problem, seier Tveiten.

Prøvar å hjelpe flest mogleg

Slettmeg.no tek imot mellom 500–600 unike saker kvar månad, frå personar i alle aldersgrupper. Dei prøvar å hjelpe desse menneska så fort og effektivt som mogleg.

– På Facebook har vi ein kontaktperson som vi kan kontakte direkte for å få hjelp til dei problema som ikkje let seg løyse med eit skjema, seier Tveiten.

På nettsidene til slettmeg.no kan ein finne fleire brukarrettleiing som folk kan nytte seg av dersom dei får problem på nett.

– I dei fleste tilfelle fungerer det godt å følgje desse rettleiingane. Dersom problema ikkje let seg løyse på denne måten, så kan ein gjerne kontakte oss på epost eller telefon. Då kan vi gje konkret informasjon til dei unike tilfella, seier Tveiten.

Tre tips for trygg nettbruk

Vidare har Tveiten tre tips for trygg bruk av Facebook. Først og fremst anbefaler han å nytte ein epost på Facebook som verkar.

– For det andre er det lurt å nytte eit passord som du ikkje brukar andre stadar. Dersom du nyttar passordet overalt, og du mistar det, er det lett for nokon å ta over det digitale livet ditt, seier Tveiten.

– Til slutt vil eg anbefale å aktivere ein to trinns stadfestar på Facebook. Det betyr at dersom du loggar deg på ein annan datamaskin, så får du ei tekstmelding med ei kode som du må bekrefte på Facebook, held han fram.

Saka blir etterforska av politiet.