Hopp til innhold

Tusenvis demonstrerte mot sjukehusprosessen

Ti tusen gjekk søndag i demonstrasjonstog i Kristiansund. Arrangørane seier dei vil demonstrere for demokrati og openheit i sjukehusprosessen. Helse- og omsorgsminister Bent Høie seier han merker seg engasjementet, men vil ikkje utsette tomtevalet.

Sykehusdemo i Kristiansund

Stormønstring i Kristiansund for åpenheit i sjukehusstriden.

Fleire tusen personar demonstrerte i dag i Kristiansund sine gater under parolar for demokrati og openheit i sjukehusprosessen. Folk hadde kome med buss frå blant anna Rindal, Halsa, Gjemnes og Smøla for å demonstrere mot utviklinga i sjukehussaka. Markeringa gjekk for seg i rolege former, med plakatar, talar og song.

Det har også tidlegare vore arrangert fakkeltog for sjukehuset i Kristiansund.

Viktig avgjerd

Det blei halde fleire appellar etter demonstrasjonstoget. Først ut var ordførar i Kristiansund Per Kristian Øyen. I tillegg til han kom Margrete Slettan er leiar for Fagforbundet i Kristiansund, tidlegare ordførarane i Kristiansund Dagfinn Ripnes, Ralph Herter, tillitsvalt og overlege ved Kristiansund sjukehus, Åge Austheim, tillitsvalt i Yngre Legers Forening og gruppeleiar i Frp, ungdomspolitikar Marcus Svenning frå Smøla og Knut Engdahl.

– Kjære nordmøringar. Takk for at de møter i dag og viser at vi ikkje aksepterer at den viktigaste avgjerda på mange tiår for innbyggarane i vår region skal fattast utan opne og demokratiske prosessar, sa Øyen i det han starta appellen sin.

Demonstrasjon Kristiansund, Ralph Herter taler

Ralph Herter, tillitsvalt for overlegane i Kristiansund, var ein av dei som tala.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ordføraren takka så dei frammøtte for ein roleg og fin demonstrasjon.

– Ingen kan seie at dei ikkje har fått med seg denne saka etter dette, sa ordføraren som meiner at ein open og tillitvekkande prosess har blitt erstatta av maktmisbruk i sjukehussaka.

Øyen meiner han hadde tillit til saka fram til fjerde desember då Astrid Eidsvik trakk seg frå si stilling i helse Møre og Romsdal.

– Eg har framleis eit håp. Det er at Helse Møre og Romsdal og Helse-Midt setter prosessen tilbake på sporet. Vi håper, men vi veit ikkje om vi vågar å tru, seier han.

Ordføraren meiner saka bør utsettast til ein kan få klarheit i kva det er som har skjedd.

Vil samle Nordmøre søndag

Det er gruppa "Gamle Kristiansund Positive Tiltak" som står bak initiativet. Talsperson er tidlegare reiselivssjef i Møre og Romsdal, Per Arne Westavik.

Gruppen består i tillegg av dei tidlegare ordførarane i Kristiansund, Dagfinn Ripnes og Harald Stokke, og tidlegare rådmann Anton Monge.

Søndag ønsker dei å samle hele Nordmøre til ein felles markering med ein demonstrasjon. Under marketingen vil dei samle seg under tre parolar:

-Ja til demokrati – slutt på råttenskapen.
-Ja til demokrati – nei til korrupsjon.
-Ja til demokrati – slutt med bruk av det lukka rom.

demonstrasjonstog Kristiansund

Mange hadde møtt opp for å gå i tog i Kristiansund søndag.

Foto: Roar Halten / nrk

Vil ha slutt på lukka møter

– Vi har ikkje vore vane med politikarar som tek avgjerder i det vi meiner er lukka rom. Det vil vi ha slutt på, seier Westavik.

Westavik understrekar at han meiner det er legitimt å slåst for sitt syn, men at alle til slutt må akseptere avgjerda som blir tatt.

Demonstrasjon Kristiansund
Foto: Roar Halten / nrk

– Men då må prosessane vere opne og ærlege. Då vil ein også få aksept for vanskelege avgjerder. Eg meiner at denne prosessen verken har vore open eller ærleg, seier Westavik.

– Dykk kjem med svært sterke påstandar i parolane.

– Ja. Eg kan ikkje seie anna enn at vi står for desse påstandane. Eit minstekrav er at prosessane er ryddige og opne. Vi meiner at det ikkje tvil om at nokon har snakka saman bak lukka dører i denne saka, seier Westavik.

Vil ikkje utsette saka

Helseminister Bent Høie (H)

Helse- og omsorgsminister Bent Høie vil ikkje utsette tomtevalet.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Helse- og omsorgsminister Bent Høie seier han forstår engasjementet i Kristiansund søndag. Men han vil ikkje utsette tomtevalet.

– Dette er ei viktig sak for regionen. Men no er det slik at det er styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt- Noreg som skal behandle denne saka først. Dei må avgjere om dei har eit godt nok grunnlag for å ta ei avgjerd, seier han.

Helse- og omsorgsministeren meiner prosessen så langt har vore bra nok.

– Difor er det min intensjon å ta ei endeleg avgjerd fredag, seier han.

Han seier at han då også vil ta ansvar for å gi ei grunngjeving for den konklusjonen han kjem med.

Under demonstrasjonen i dag seier demonstrantane at det ikkje vil skape ro i regionen å fatte det dei kallar eit hastevedtak. Kva tenkjer du om det?

– Denne saka følgjer den framdriftsplanen vi har hatt lenge. Vi har brukt mange år på denne saka. Eg trur ikkje at det vil vere ein fordel for regionen om denne prosessen trekker ut i tid. Eg trur det no er viktig å få ei avgjerd. Fylket lider i dag av at ein har ein sjukehusstruktur som ikkje er godt nok tilpassa det som er framtidas behov, seier Høie.

Timelapse fra demonstrasjonen i Kristiansund