Hopp til innhold

Unge med demens har fått bufellesskap i Molde

Unge med demens skal få eit betre butilbod enn før. Molde kommune opnar no eit nytt bufellesskap for unge som er råka av sjukdommen.

Bufellesskap for unge demente i Molde

Felles opphaldsrom og eigne leilegheiter er ein del av tilbodet Molde kommune no gir til personar som blir ramma av demenssjukdom i ung alder.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kristin Eidem

Kristin Eidem er einingsleiar med ansvar for den nye avdelinga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Avdelinga har eigne leilegheiter for denne gruppa på Råkhaugen omsorgssenter i Molde. Einingsleiar ved omsorgssenteret, Kristin Eidem, meiner det er svært viktig å også kunne gi eit tilbod til dei pasientane som rammast tidleg av demenssjukdomen.

– Bakgrunnen for dette prosjektet er at vi ynskja å kunne skape eit tilbod for dei yngre pasientane med demens. Du har andre interesser når du er 30 enn når du er 90 år, seier Eide.

Har vore eit behov

Marit Hoemsnes Angen

Marit Hoemsnes Angen i demensforeininga er glad for tilbodet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Marit Hoemsnes Angen, styremedlem i Molde og omeng demensforeining tykkjer det er vedlig positivt at Molde kommune no har utvida tilbodet for personar med demens.

– Dette sett vi veldig stor pris på for vi veit at det er mange personar med demens og pårørande som har eit behov for slike tenester, seier ho.

Dei fire fyrste har allereie flytta inn og seks tilsette skal gje dei tryggleik. Angen trur at enno fleire vil nytte seg av tilbodet når det blir betre kjendt i Molde.

– Det er fantastisk at vi har fått eit slik tilbod, og eg er veldig stolt av Molde kommune for at vi no er i gong med eit større tilbod, seier ho.