Politiet held framleis på å etterforske kva som skjedde då ei kvinne blei skadd i ei ulykke i Trollveggen tysdag. – Vi har oppretta ei undersøkingssak og jobbar utifrå forskjellige teoriar for å finne ut om dette var ein turgåar eller ein basehoppar, seier Roar Hilde, lensmannen for Rauma og Vestnes. Kvinna blei sendt til St. Olavs hospital i Trondheim med hovudskade, men tilstanden hennar er framleis ukjent.
Personen som låg skadd i Trollveggen er no henta ut av redningshelikopter. Det opplyser politiet. personen blir frakta direkte til St. Olavs hospital i Trondheim.
Politiet melder at ein person ligg rundt 30 meter under uthoppsplassen ved Bruraskaret ved Trollveggen. Politiet er usikre på om det er ein person som har hoppa eller ein tilskodar. Ifølgje politiet har personen hovudskadar, men skal vere våken.
Naudetatane er på veg til det som blir beskrive som ei basehoppulykke i Rauma. Ifølgje politiet skal ein person vere skadd. Ukjent skadeomfang.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.