Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter ulykke ved Trollveggen

Kvinna som tysdag blei frakta til St. Olavs hospital i Trondheim med hovudskadar er alvorleg skadd, det opplyser sjukehuset.

Bruraskaret er det lågaste punktet blant tindenålene som står langs toppen av Trollveggen i Romsdalen. Foto: Kjell Peder Gyldenskog.

Det var like før klokka 16.00 tysdag at politiet melde om ei ulykke ved Trollveggen i Romsdalen, og at ei kvinne låg sørvest for toppen av Bruraskaret. Bruraskaret er det lågaste punktet blant tindenålane som står langs toppen av Trollveggen. Politiet melde først at ulykka blei beskriven som ei basehoppulykke.

– Kvinna ligg 30 meter under toppen, men vi veit enno ikkje om dette er ein person som har vore på tur eller om det er ei basehoppulykke, sa Kenneth Sætre, operasjonsleiar i politiet til NRK i 16.00-tida.

Ulykke ved Trollveggen, Rauma

Ei kvinne blei frakta til St. Olavs hospital i Trondheim med hovudskadar etter ei ulykke ved Trollveggen i Rauma.

Foto: Kjell Peder Gyldenskog

Alvorleg skadd

I 16.15-tida kom helsepersonell fram til kvinna, som ifølgje politiet hadde hovudskadar, men var våken.

Mogleg basehoppulykke Rauma

Eit redningshelikopter henta ut den skadde like før klokka 17.00 tysdag.

Foto: Kjell Peder Gyldenskog

Like før klokka 17.00 kunne politiet melde at eit redningshelikopter hadde henta ut den skadde. Kvinna blei umiddelbart frakta til St. Olavs hospital i Trondheim. Onsdag opplyser sjukehuset at kvinna skal vere alvorleg skadd, men stabil.

Politiet held framleis på å etterforske kva som skjedde då kvinna blei skadd. Politiet skal mellom anna gjennomføre fleire vitneavhøyr.

– Vi har oppretta ei undersøkingssak og jobbar utifrå forskjellige teoriar for å finne ut om dette var ein turgåar eller ein basehoppar, seier Roar Hilde, lensmannen for Rauma og Vestnes til NRK onsdag.

Tysdag kveld melder Rbnett.no at ulykka skjedde på baksida av Bruraskaret, ned mot turstien som går mellom Trollstigen og Trollveggen. Ifølgje avisa er det lite som tyder på at det dreier seg om ei basehoppulykke.

Basehoppulykke

Veit du noko? Tips oss på mr@nrk.no

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL