Hopp til innhold

Tysk par besøkjer Moldejazz for 20. gong på rad

MOLDE (NRK): I 20 år på rad har ekteparet Christel og Otto Schneider frå Hannover i Tyskland besøkt Moldejazz. Dei elskar musikken, og er imponerte over dugnadsinnsatsen i Noreg.

Christel og Otto Schneider

Dei sit i Alexandraparken og ventar på at paraden skal gå. Akkurat slik dei har gjort kvart år dei siste 20 åra.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er formiddag i Molde, og berre minutt før den daglege gateparaden skal ta av frå den vestlege delen av Storgata i Molde. I den vakre Alexandra-parken sit eit godt vaksent par og deler minner frå tidlegare jazzfestivalar.

– Vi har vore her i regn og vi har vore her i solskin. Det har vore «wunderbar» kvar einaste gong. Og vi kjem alltid tilbake, seier Otto Schneider og smiler til kona.

Kjem kvart år i veke 29

Det er mange som har som fast tradisjon å legge turen til Molde kvart år i veke 29. Dette er alltid veka for Moldejazz. Fleire gonger er denne veka blitt utropt til «den beste veka i året», i alle fall blant dei entusiastiske Moldejazz-tilhengarane.

Men det er slett ikkje alle av dei trufaste besøkjande som reiser like langt som Christel og Otto Schneider.

Vi kjem hit kvar sommar. Vi er mykje i Eresfjord og likar oss godt i Eikesdalen. Og så får vi med oss jazzfestivalen kvart einaste år, seier Christel Schneider.

Moldejazz 2016
Foto: Terje Reite / NRK

Imponert over dugnadsånda

Det er ikkje berre naturen og musikken som imponerer det tyske ekteparet. Dei har lagt merke til den store innsatsen til frivillige.

Vi ser at det kjem mange menneske hit som arbeider og står på utan å få pengar for det. Dei hjelper til og lagar denne flotte festivalen heilt frivillig og utan løn. Denne måten å få arrangert ein festival som dette på er kanskje det som imponerer meg aller mest, seier Otto Schneider.

– Sør-amerikansk jazz er favoritten

Eresfjord er den faste sommarbasen til det tyske ekteparet. Dei elskar den vakre naturen og jazzmusikken ligg Otto sitt hjarte nær.

Vi har høyrt så mykje flott musikk her opp gjennom åra. Det er vanskeleg å trekkjer fram enkeltkonsertar. Her har vore flotte, unge artistar her i Alexandraparken. Vi har hatt store opplevingar på seine kveldar både ute og inne, seier dei to, og legg til at favorittjazzen er god, gammal søramerikansk og helst cubansk jazz.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL