Hopp til innhold

Blir pressa ut av andre turistbuss-selskap

Det er sterk konkurranse om turisttrafikken i Geiranger. Lokale selskap slit med å få overskot som skal sikre busetjing i turistbygda heile året.

Aldri før har så mange turistbussar konkurrert om passasjerane i Geiranger som denne sommaren. Aktørar utanfrå pressar seg inn og tar vekk inntektsgrunnlaget for lokale selskap.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Lokale turistbuss-selskap slit i konkurransen med andre selskap under sommarsesongen i Geiranger.

Birthe Sandhold Arntsen

Medeigar i Geiranger turbil & taxi, Birthe Sandhold Arntsen, seier det lokale selskapet slit i konkurransen med andre turistbuss-selskap som kjem til Geiranger i sommarsesongen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Geiranger er i ferd med å pakke saman etter ein av dei beste sesongane nokon gong. Men trass i at både vêr og besøkstal har vore av det beste denne sommaren, er konkurransen om inntektene blitt hardare.

– Vi ser at det kjem bussar utanfrå og køyrer her i Geiranger, og vi er ikkje konkurransedyktige nok til å måle oss med det, seier Birthe Sandhold Arntsen som er medeigar i Geiranger turbil & taxi.

Blir utkonkurrerte

Stadig nye aktørar, både norske og utanlandske har sett moglegheiter til å tene på turisttrafikken. Mange trengst også for å gi turistane det tilbodet dei vil ha. Men no fryktar mange at lokale selskap med heilårsverksemd blir utkonkurrert av dei som kjem inn for ein kort sommarsesong.

– Vi må akseptere det så lenge politikarane seier ja til det, men det vert ikkje heilt rett overfor oss heller. Det dreier seg om pris, og der kan vi ikkje konkurrere, seier Sandhold Arntsen.

Fryktar for busetjinga

Turistar i Geiranger

Det yrar av turistar i Geiranger om sommaren. Mange av desse får omvisning på i området på turistbussar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Busselskapa må halde seg til konsesjonsreglar, men står fritt i å bestemme kor mange bussar dei vil bruke. Det betyr hardare konkurranse for dei lokale og inntekter ut av Geiranger og Stranda kommune. Mange er uroa for utviklinga.

Ove Skylstad, dagleg leiar i Destinasjon Geiranger og Trollstigen, fryktar at eit kortsiktig profittjag kjem framføre utviklinga av lokalsamfunnet.

– Det vil vere uheldig for busetjinga på sikt, seier han.

Må ut av bygda

Geiranger høyrer til vår verdsarv blant anna fordi om rådet er eit levande samfunn heile året. Men medan turisttalet går opp, går folketalet ned. Dermed må busselskapet ut av bygda for å skaffe seg inntekter.

– Der andre turistbussar kjem til Geiranger for å køyre, må vi til Olden for å køyre, seier medeigaren i Geiranger turbil & taxi resignert.

  • Les fleire nyheiter
    Frank Sve

    Fylkespolitikar Frank Sve (Frp) etterlyser lovverk som vernar om lokale selskap på turiststader som Geiranger.

    Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Etterlyser lovverk

Fylkespolitikar Frank Sve (Frp) er tidlegare ordførar i Stranda kommune. Han synest det er dumt om konkurransen går utover dei som bur i Geiranger og lever av turistnæringa.

– Det er ei lita bygd og det burde vere ei levande bygd, seier han.

– Bør det vere spesielle ordningar, for små og sårbare turistplassar?

– I dag finst det ikkje eit lovverk som kan justere det, men eg meiner at dette er noko ein bør sjå på.