Hopp til innhold

- Ei katastrofe om landbruket i Geiranger forsvinn

Bøndene i Geiranger vel bort gardsdrifta til fordel for reiselivsnæringa. Det får politikarar og reiselivet til å slå alarm.

Geiranger med Homlung

Landbruket stuper i Geiranger. Bøndene vel heller å satse på den innbringande reiselivsnæringa.

Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

Det går skremmande raskt nedover med landbruket i Geiranger. Den verdskjende turistbygda står i fare for å gro att, då det blir stadig færre landbruk og dermed mindre beitedyr i verdsarvområdet.

Situasjonen blei diskutert under eit møte på Strandafjellet i går, der representantar for Verdsarvrådet for Vestnorsk Fjordlandskap frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Oppland var til stades.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp) var mellom deltakarane på møtet, og ser det som svært alvorleg dersom landbruket i bygda forsvinn.

– Det hadde vore ei katastrofe om det skulle skje.

Reiselivet meir attraktivt

Tryggestad meiner det er manglande økonomi i norsk landbrukspolitikk som er problemet.

– Det er lettare å tjene pengar på reiseliv. Difor vel stadig fleire vekk det å drive tradisjonellt jordbruk, seier Tryggestad.

Han er uroa då utviklinga har vore spesielt negativ dei siste par åra.

Fryktar for verdsarvstatusen

Jan Ove Tryggestad meiner at nedgangen i landbruksdrifta i området kan få store konsekvensar.

– Dersom det ikkje blir iverksett tiltak, er eg redd siste rest av landbruket i Geiranger vil forsvinne, seier Tryggestad.

Geirangerfjorden og Nærøyfjorden blei innskriven på den prestisjetunge lista over verdas kultur- og naturarv 14. juli 2005. Det at bøndene ikkje lenger vil drive jordbruk i området, kan i følgje Tryggestad få følgjer også for verdsarvstatusen.

– Sjølve grunnlaget for verdarvstatusen heng nøye i hop med at landbruksareala blir nytta og pleia.

– Kuturlandskapet må oppretthaldast

Landbruksdirektøren hjå fylkesmannen i Møre og Romsdal, Anne Berit Løset, meiner den negative utviklinga byr på utfordingar.

– Eg trur det er heilt avgjerande at det kulturlandskapet ein har i Geiranger blir oppretthaldt, at ein har eit aktivt landbruk.

Løset meiner at ein treng bøndene.

– Ein slit med vedlikehaldet, då det er slik at betalte entrepenørar gjer mykje av jobben med å ivareta kulturlandskapet. Vi treng i større grad bøndene, og vi treng beitedyra i området for å halde det ved like, seier landbruksdirektør Løset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL