Hopp til innhold

Skodde skapte trafikk-kaos på Trollstigen

Tjukk skodde har lamma trafikken på eit av Norges mest besøkte turistikon torsdag. Vegvesenet opplyser torsdag kveld at det no er normal trafikk på staden, men manuell dirigering.

Saktegåande trafikk Trollstigen

TRAFIKKSTANS: Skodda førte til stopp i trafikken i Trollstigen

Foto: Ragnar Johansen

Frå tidleg torsdag var det berre 10 meter sikt i området. Skodda låg grauttjukk og trafikken rørte knapt på seg. Mange stappfulle turistbussar venta på å få køyre. Det er vanskeleg for bussane å passere kvarandre på dei smale vegane når dei ikkje ser langt nok til å planlegge møteplass.

– Vi måtte stenge vegen i retning Åndalsnes, seier seksjonsleiar Torgeir Bye i Vegvesenet. Vegvesenet hadde mannskap på plass for å dirigere og organisere trafikken.

Utsikta som forsvann

På toppen flokkar vanlegvis turistane seg på utsiktsplatået og ser dei 11 hårnålssvingane ned mot Isterdalen i Rauma. Men denne utsikta forsvann i skoddeheimen torsdag.

Trollstigen 2013

UTSIKT UTAN SKODDE: Denne utsikta blei turistane snytt for i den skoddelagde Trollstigen torsdag.

Foto: H. Bakke

Trollstigvegen er ein av Noregs mest besøkte turistattraksjonar. Vegen har status som Nasjonal Turistveg. Meir enn 700.000 besøkande køyrer strekninga mellom Åndalsnes og Valldal på Sunnmøre kvart år. I juli køyrer det i gjennomsnitt 2.000 bilar på denne strekninga, på enkelte dagar opp i 3.000.

Lang ventetid

Kork i Trollstigen

PÅ TUR I SKODDEHEIMEN: Lite å sjå for dei tusentals av turistar som besøkte Trollstigen i Rauma i dag.

Foto: Ragnar Johansen

– Vi har stått i kø i over ein halv time, om ikkje lenger. Trafikken har stått heilt stille, sa Ragnar Johansen frå Ålesund til NRK.

– Eg veit ikkje om eg bør snu, eller berre vente til det startar å sige oppover. Dette har eg ikkje opplevd her før, la han til.

Vegvesenet måtte sette inn ekstra folk for å hjelpe til med dirigeringa ut over dagen.

– Nokre reisande har vore sinte og oppgitt, mens andre har gitt oss tommelen opp, seier Bye.

Saktegåaen trafikk i Trollstigen

KAOS I SKODDA: Skodde har skapt lange køar i Trollstigen i dag.

Foto: Ragnar Johansen