Hopp til innhold

– Sett ulønsame megaprosjekt på vent!

Noreg skal bruke hundretals av milliardar på veg og tog som fleire meiner snart kan vere utdatert. – Me står ved eit vippepunkt, meiner ekspertar.

Bilferja Moldefjord

FORTID ELLER FRAMTID: Ferjer er både populært og upopulært langs kysten.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ferjefri E39 og Nord-Noregbanen. Det er nok for staten Noreg å bruke pengar på framover. Om ein vil.

Da Nasjonal transportplan nyleg blei lagt fram, kvessa transportøkonom Svein Bråthen pennen.

– Her er det fleire megaprosjekt med til dels svært dårleg samfunnsøkonomi. Set dei på vent, seier Bråthen.

– Ein kjempegod idé å setje dei på vent, svarar også leiar i klimaorganisasjonen Zero, Sigrun Gjerløw Aasland.

Transportøkonom Svein Bråthen

FRAMFOR FERJER: Professor i transportøkonomi Svein Bråthen ved Høgskulen i Molde, med Nasjonal transportplan i handa og ferjer bak seg.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Store klimaavtrykk

Tog til Tromsø og ferjefri E39 skal koste minst 500 milliardar kroner. Det er 1250 nye sjukeheimar, basert på Bråthen sine utrekningar. Og bygging av veg og bane gir store utslepp.

– Noreg seier me skal kutte utslepp og bli klimanøytrale. Og så skal me byggje 600–700 kilometer meir veg med store klimaavtrykk. Det heng ikkje på greip, seier Aasland i Zero.

Sigrun Gjerløw Aasland

– HENG IKKJE PÅ GREIP: Zero-leiar Sigrun Gjerløw Aasland meiner at ein også må lage transport med tanke på klima.

Foto: Caroline Dokken Wendelborg / Zero


AS Noreg må stramme inn pengebruken framover og det grøne skiftet vil truleg koste mykje, seier transportøkonom Svein Bråthen. Samstundes peiker ekspertar på store endringar i teknologi og trafikk for tida.

– Fram til no har trafikken alltid vekse, men no veit me ikkje lenger. Eg trur mange ser på tida nå som eit vippepunkt, seier han.

Framleis ferjer

Svein Bråthen har tidlegare har rekna på nytt Regjeringskvartal, Oslo Lufthavn og fleire store vegprosjekt. Frå kontoret ved Høgskulen i Molde ser han ferjer gå i skytteltrafikk.

Han meiner at ein no bør satse på hyppige avgangar med elferjer medan ein ser an utviklinga, i staden for å erstatte dei med store nye vegar.

Illustrasjon på Møreaksen

MØREAKSEN: Illustrasjon av den planlagde kryssinga av Romsdalsfjorden.

Foto: Øivind Leren / Statens vegvesen

Ferjefri E39-kryssing av fjorden utanfor vindauget hans, den såkalla Møreaksen, er berekna til 24 milliardar kroner, etter å ha blitt pressa ned frå 40 milliardar.

– Godt gjort, men det er framleis eit samfunnsøkonomisk minus på 4,2 milliardar kroner. Underskotet svarar til rundt ti fullt utbygde sjukeheimar. Og vi veit enno ikkje sluttsummen på kostnadane, seier Bråthen.

– Er dei lønsame prosjekta i hovudsak på indre Austland?

– Nei, berre her i området har me hatt mange gode prosjekt, slik som undersjøiske tunnelar ved Kristiansund og ved Molde.

Helge Orten

INGEN FERJEFAN: Helge Orten har i mange år jobba for ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Forkjemparen

Ein som har jobba mest for ferjefri veg mellom Molde og Ålesund er Helge Orten (H). Han var leiar av transportkomiteen og tidlegare ordførar på ei av øyene som vil bli utan ferje.

– At desse prosjekta går kraftig i minus er ikkje riktig, meiner Orten.

Han meiner ferjefri E39 vil gi eit styrka arbeids- og bumarknad som rekneskapane ikkje tar med. Økonomane hevdar det er for langt og lite busett mellom dei to byane til at slikt slår inn.

Det er tidlegare meldt at Orten vil tene privat på Møreaksen-prosjektet.

Jon-Ivar Nygård (til venstre) og Knut Arild Hareide under nøkkeloverrekkelsen i Samferdselsdepartementet nylig. Hareide var sterkt imot å starte arbeidet med Nord-Norgebanen, mens Nygård representerer en regjering som har som mål å realisere den.

NY MINISTER: Førre samferdselsminister Knut Arild Hareide var sterkt imot å starte arbeidet med Nord-Noregbanen, medan Jon-Ivar Nygård er i ei regjering som har mål om å realisere den.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Vil kome tilbake

Fersk samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier han vil kome tilbake til korleis regjeringa vil følgje opp den nye transportplanen. Heller ikkje han meiner at forskarane fangar opp alle effektar.

– Iblant er det omsyn som tel meir enn det som ligg inne i analysane, seier ministeren.

Han peiker blant anna på at det i Noreg bur og arbeider menneske i heile landet.

– Det er ei styrke, seier Nygård.

Professor Svein Bråthen

VIPPEPUNKT: – For store summar i ei brytningstid, meiner professor Svein Bråthen.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Rekninga blir for stor

Transportøkonom Svein Bråthen understrekar at han ikkje meiner at ekspertar skal ta avgjerslene, men at politikarane bør vere opne om prioriteringane.

– Om ein har eit stort prosjekt som med særs stor sannsyn vil gå kraftig i minus, da bør ein i det minste krevje ei god grunngjeving på kvifor ein likevel skal byggje det. Og den bør vere solid, seier han.

Zero-leiar Sigrun G. Aasland meiner at klimaavtrykket er det største problemet.

– No seier regjeringa at klima skal vere ramma for alt. Da må du jo også lage transport med tanke på klima.