Hopp til innhold

35 unge jenter har varsla om trafikklæraren: – Dei har vore fortvilte og redde

Politi og vegvesen har i årevis blitt varsla om at ein trafikklærar skal ha utsett unge jenter for seksuelle krenkingar. No er mannen sikta.

Mykje trafikk på Hellebroa

Trafikklæraren er framleis i aktiv teneste på Sunnmøre. Han er ikkje suspendert under politietterforskinga som no pågår.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ein mannleg trafikklærar på Sunnmøre er i hardt ver etter at han nyleg blei sikta for fysiske og seksuelle krenkingar mot tre unge jenter. Jentene var elevar under opplæring då krenkingane skal ha skjedd.

NRK har bedt politiet og Statens vegvesen om innsyn i klager og melde saker mot trafikklæraren.

No viser det seg at politiet og vegvesenet har registrert totalt 35 varsel om mannen gjennom 15 år.

I tidsrommet frå 2007 til 2014 blei trafikklæraren meldt til politiet til politiet av åtte ulike jenter.

Parallelt fekk Statens vegvesen skriftlege og munnlege varsel frå 23 jenter og foreldre. Dei siste dagane har fleire nye meldt til politiet mannen til politiet.

– Ja, det er spesielt. Eg har aldri opplevd noko slikt i mine 37 år i bransjen, seier seksjonssjef Odd Nasvik i Statens vegvesen.

Vegvesenet driv tilsyn med køyreskulelærarar og melde sjølv mannen til politiet i 2014 på grunn av klagar frå fleire foreldre om seksualisert prat og framferd. Då blei saka lagt vekk.

Odd Nasvik i Statens vegvesen

Seksjonssjef Odd Nasvik i Statens vegvesen seier dei har bedt mange jenter og foreldre om å gå til politiet.

Foto: Statens vegvesen

Politiet har lagt vekk sakene

Statens vegvesen har hatt ein jamn straum av klagar frå jenter og foreldre sidan sommaren 2012 og til dags dato.

Så langt har ingen av sakene har ført til straffereaksjonar mot køyrelæraren. Alle sakene som har hamna hos politiet har blitt lagt vekk:

  • Tre jenter melde trafikklæraren for seksuelt krenkande åtferd i september 2007
  • To jenter melde han for seksuelt krenkande åtferd i oktober 2011
  • Ei jente melde han for ærekrenking i mai 2012
  • Ei jente melde han for seksuelt krenkande åtferd i august 2013
  • Ei jente melde han for seksuelt krenkande åtferd i februar 2014

Politiadvokat Mathias Häber ved Møre og Romsdal politidistrikt seier han ikkje kan uttale seg om sakene den gongen og kva for vurderingar som blei gjort då.

På generelt grunnlag er bevisbildet i denne type saker at det ofte er ord mot ord og ingen tekniske bevis, seier han.

Politijurist Mathias Häber

Politiadvokat Mathias Häber ved Møre og Romsdal politidistrikt seier det ofte er ord mot ord i slike type saker.

Foto: Remi Sagen / NRK

Har hatt elevar i over 20 år

Mannen har vore køyrelærar på Sunnmøre i meir enn 20 år, og vegvesen trur at så mange som 1500 jenter og gutar kan ha vore elevar hos han.

NRK har sett fleire av dei skriftlege klagene frå tenåringsjenter og foreldra deira til vegvesenet. Her kjem det fram at mannen skal ha hatt ein seksualisert språkbruk og framgangsmåte. Det same fortel andre jenter som NRK har snakka med.

Fleire NRK har snakka med lurer på kvifor politiet ikkje har gjort noko med saka før.

Vedkomande er å rekne som uskuldig inntil det motsette er bevist, både med tanke på dei aktuelle og tidlegare meldingar, så spørsmålet tenderer mot førehandsdømming, seier politiadvokat Mathias Häber.

Ifølgje TV 2, som først omtalte siktinga, går politiet no gjennom datamaskinen til køyreskulelæraren. Han er også sikta for å ha mottatt bilde som seksualiserer barn.

Ålesund politistasjon

I mars 2022 blei køyrelæraren sikta for fysisk og seksuelt krenkande framferd mot tre unge jenter.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Har hatt ei rekkje tilsyn

Seksjonssjef Odd Nasvik seier dei har hatt ei rekkje tilsyn med køyreskulen gjennom fleire år, men at vegvesenet sjølv ikkje har heimel for å gripe fatt i påstandar om seksuelle krenkingar.

– Dei som har ringt har vore fortvilte og opprådde, og enkelte har vore redde. Så vi har bedt dei ta kontakt med politiet og til å skifte trafikkskule, seier Nasvik.

Nasvik seier mannen framleis er aktiv i jobb som køyrelærar, og at vegvesenet ikkje kan suspendere han under politietterforskinga.

Jobbar mot ein tiltale

Politiadvokat Mathias Häber i Møre og Romsdal politidistrikt seier det mellom anna står att fleire avhøyr før dei eventuelt vil ta ut ein tiltale. Han seier at politiet kan suspendere mannen frå stillinga som køyreskulelærar, men at dei har vurdert det slik at dette er for inngripande på dette stadiet av saka.

Trafikklæraren stadfestar overfor NRK at han driv køyreskule som før, men ønskjer ikkje å kommentere varsla eller politisakene. Det har ikkje lukkast NRK å få nokon kommentar frå advokaten hans.

Hei!

Har du tips eller innspel om saka? Send meg gjerne ein epost!

I ein tidlegare versjon skreiv vi at "ei av jentene NRK har snakka med lurer på kvifor politiet ikkje har gjort noko med saka før". Fordi spørsmålet blei oppfatta meir generelt, og fordi fleire har spurt om det same, har vi endra dette til "fleire NRK har snakka med".