Hopp til innhold

Trafikklærar nektar sexprat og tafsing på unge jenter - skuldar på ryktespreiing

Dei unge jentene hevdar trafikklæraren snakka om kropp og sex under køyreopplæringa. No får dei støtte frå tidlegare elevar.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim i samtale med bistandsadvokat Anne Nerland Hovde.

ANKESAK: Trafikklæraren frå Sunnmøre blei dømt til fengsel i Møre og Romsdal tingrett, men anka dommen. Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim var aktor under ankesaka (t.h) og Anne Nerland Hovde var dei tre kvinnene sin bistandsadvokat.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Fleire unge jenter har i haust fortalt om upassande snakk og tafsing då dei begynte på køyreopplæring hos trafikklæraren i 50-åra.

I starten av september blei han dømd til fengsel i 20 dagar, men nekta.

Då ankesaka starta i Frostating lagmannsrett onsdag nekta han framleis.

Men no får jentene støtte frå to kvinner i 40-åra som hevda i retten at han dreiv på likeeins for 22 år sidan.

Eg tok kontakt med politiet og gjer dette for dei jentene som står midt i dette no. Han har heldt på på same måte i så mange år, og det er ikkje bra, hevdar den eine.

Ho sa at det generelt var mykje snakk om kropp og puppar, og at ho blei beden om å sette seg på fanget hans då dei tok ferje på veg til glattkøyring.

Det var ei anna tid, eg gjorde ikkje noko med det, forklarte ho i retten.

Den andre 40-åringen hevda at han samanlikna girspaken med mannlege kjønnsdelar, at han hadde tatt henne på låret og at han ein gong sende henne ein SMS og spurte om ho og venninna ville møte han.

I ettertid har eg tenkt på at dette ikkje var greitt.

Påstandane frå dei to kvinnene i 40-åra er ikkje del av tiltalen under ankesaka.

Les også Trafikklærar på Sunnmøre dømt til fengsel

Mykje trafikk på Hellebroa

Sa han kunne sjå inn på rommet hennar

Dei tre unge kvinnene som vitna under tingrettsbehandlinga, er på nytt på vitnelista under ankebehandlinga.

Ei 18 år gammal kvinne tok til tårane då ho fortalde at trafikklæraren sa han kunne sjå inn på rommet med hennar med kikkert.

– Eg var redd for at noko kunne skje.

– Korleis var han da han sa det? Hadde han glimt i auget? spurte mannen sin forsvarar, Oddvar Aarsæther

– Heilt vanleg. Eg hugsar ikkje, svarte kvinna og stadfesta at han aldri hadde tatt kontakt med henne utanom køyretimane.

Ho var 16 år då køyreopplæringa starta. Ho fortalde at han også hadde sagt at ho såg sexy ut, at han sa at han ville ha ho med på pub, og at han snakke mykje om kroppar.

Mora hennar vitna også under saka.

– Ho er framleis redd for at han skal sjå inn og held gardinene lukka. Ho er veldig prega av det som skjedde, sa mora.

Forsvarar Oddvar Aarsæther under ankesaka til trafikklæraren.

Mannens forsvarer, Oddvar Aarsæther, under ankesaka.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Forklarte at han gnei seg mot henne

Ei 20 år gammal kvinne sa at trafikklæraren hadde gnidd seg inntil ho då dei skulle kike under panseret på bilen.

Han gnei skrittet sitt mot rumpa mi då han skulle få forbi meg. Han tok meg på hoftene også, sa ho og demonstrerte korleis han skal ha lagt hendene på henne.

Under vitnemålet sa ho at han også hadde spurt ho om BH-størrelsen hennar, og om ho kunne tenke seg å kose med eldre menn.

Ei tredje kvinne hevda at trafikklæraren hadde spurt om han kunne bli med henne heim etter køyretimen.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim under ankesaka.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Tilbakeviser alt som rykte

Køyrelæraren hevda i retten at kvinnene er påverka av rykte dei hadde høyrd om han og trafikkskulen. Om ho som sa han hadde gnikka seg mot han, sa han:

Eg får ein følelse av at ho vil hemne seg på meg fordi ho er redd for kjærasten sin. Det har ikkje noko med meg å gjere.

– Kan du ha vore borti ho då du passerte henne? spurte forsvararen.

– Kanskje, sa køyreskolelæraren og viste fram eit nøkkelknippe og ein sprayboks som han alltid har i lommene og som han meinte kan vere ei forklaring på kva ho kan ha kjent.

Les også Trafikklærar på Sunnmøre tiltalt for seksuell handling – erklærte seg ikkje skuldig

Magne Kvalvik og Oddvar Aarsæther

Har fått inn 35 varsel

Mannen har vore trafikklærar på Sunnmøre i meir enn 20 år.

I løpet av 15 år har politi og Statens vegvesen registrert totalt 35 varsel mot han. I tidsrommet frå 2007 til 2014 blei trafikklæraren meldt til politiet av åtte ulike jenter. Alle sakene blei lagt vekk.

Statens vegvesen, som driv tilsyn med trafikklærarar, melde sjølv mannen til politiet i 2014. Dette på grunn av klagar frå fleire, men også då blei saka lagt vekk.

Den tiltalte seier det var ein svertekampanje mot han. Er det riktig? spurte aktor Ingvild Thorn Nordheim då tidlegare seksjonssjef i Statens vegvesen, Odd Nasvik, vitna under ankesaka.

Nei, ikkje slik vi oppfatta det, svarte Nasvik.

Klagene førte derimot til at trafikklæraren fekk ei åtvaring og mista retten til å drive køyreskulen i tre månader i 2014.

Odd Nasvik

Odd Nasvik fotografert under saka i tingretten.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Ba om forbod mot å drive trafikkopplæring

Mannen i 50-åra har inntil vidare forbod mot å drive trafikkopplæring, men har klaga på vedtaket frå Statens vegvesen.

Under oppstarten av ankesaka sa trafikklæraren at han hadde vore arbeidsledig dei siste vekene.

Dommen i ankesaka er venta 21. november.

Les også 35 unge jenter varsla om trafikklæraren – no er han tiltalt

Ålesund politistasjon

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL