Hopp til innhold

Toppidrettsveka i Aure er redda

Det som før var ein folkefest i Aure, Kristiansund og Orkdal, hamnar no i tillegg i Trondheim.

Toppidrettsveka

9.–16. august 2014 går Toppidrettsveka av stabelen for tiande gong – då med Trondheim som ny arrangementsstad.

Foto: Toppidrettsveka

Arrangør Harald Fladseth meiner det er naturleg å inkludere Trondheim som ny arrangementsstad under tiårsjubileet til Toppidrettsveka.

– Rulleski, eller langrenn på hjul, har vekse veldig som medieprodukt. Då er det fint at vi no kan bruke Trondheim – langrennsportens vugge – som arena.

Det trur vi vil heve toppidrettsveka og gjere attraksjonsverdien høgare, legg han til.

Logistikk

Harald Fladseth

Harald Fladseth er glad for at Toppidrettsveka er redda, men fryktar logistikkutfordringane med Trondheim som arrangementsstad nummer fire.

Foto: Privat

I byrjinga var Aure einaste arrangementsstad, men var utvida til å omfatte Orkdal og Kristiansund i 2013. No vil to av arrangementsdagane vere på Nordmøre og to i Sør-Trøndelag.

Med fire arrangementsstader i to fylke på fire dagar, er det duka for ei svært travel veke for arrangørane.

– Vi arrangørane er kanskje dei største skeptikarane til utvidinga nordover. Vi skal flytte fleire semitrailerar med utstyr og setje opp ein rigg etter verdscup-standard på fire forskjellige stader med svært stramme tidsfristar. Det blir heftig, seier Fladseth.

Fødestaden Aure

Toppidrettsveka i Aure har tidlegare streva med å få inn nok midlar frå kommunen og det lokale næringslivet. Totalt må 5–6 millionar kroner til for å gjennomføre arrangementet. Regionale og nasjonale sponsorar kom derfor på banen, men med ein føresetnad om å involvere Trondheim som arrangementsstad.

– Vi må vende oss dit det er evne og vilje. Det er ikkje noko hemmelegheit at vi er avhengige av andre aktørar for å halde liv i Toppidrettsveka her, seier Fladseth.

Han er glad for at arrangementet no er redda, sjølv om det byr på mindre TV-tid på Nordmøre.

– Det har vore eit spørsmål om det er forsvarleg å i det heile tatt framleis arrangere i Aure, men no har vi heldigvis klart det med ein kollektiv sluttspurt, seier han.

– Har framleis eigarskap

Ordførar i Aure, Ingunn Oldervik Golmen (Sp), er også glad for att arrangementet blir verande i Aure, sjølv om det ikkje blir i same grad som før.

– Det aller viktigaste for oss var å berge ein konkurransedag i Aure. Det har vi sikra. Det gjer at Aure held oppe eigarskapen til Toppidrettsveka, sjølv om ho no vert spreidd geografisk, seier ordføraren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL