– Alle liker litt meir løn. Eg synest det er eit fint tiltak for å få studentar ut på bygda, seier Benjamin Andersen.
For to år sidan hadde Benjamin gått eitt år på sjukepleiestudiet i Molde. Samtidig blei han tilsett i Aure kommune sine nye rekrutteringsstillingar for studentar, eit grep for å lokke til seg sårt trengt arbeidskraft til ein mindre distriktskommune.
Dei betalar 60 prosent løn for 20 prosent arbeid for studentar innan vernepleie eller sjukepleie som vil jobbe hos dei. I gjengjeld må dei binde seg til å jobbe to år i kommunen når dei er ferdig utdanna.
– Studietida har vore veldig behageleg for meg, eg blir ikkje så utsliten som mange av dei stakkars sjukepleiarstudentane. Eg har fått meir tid til å fokusere på studiet mitt, seier Benjamin Andersen
Får fleire søkarar
Åse Kalvik i Aure kommune er veldig nøgd med responsen på stillingane Dei har fått fleire søkarar enn dei har stillingar.
Åse Kalvik er einingsleiar for omsorg i Aure kommune.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKNo har dei nyleg utlyst for tredje året på rad.
– Vi har klart å rekruttere fem sjukepleiarstudentar gjennom desse stillingane, og det er ganske mykje i forhold til andelen søkarar vi har til faste, ordinære stillingar, seier Kalvik.
– Det kostar jo pengar då?
– Det kostar pengar, men eg tenker det er ei god investering i framtidig helsepersonell.
I tillegg får alle utdanna verne- og sjukepleiarar 50.000 kroner i tillegg til tariffløn.
Kamp om nok fagfolk
Som resten av landet, og særleg utanfor byane, slit dei med å skaffe nok helsepersonell. Ifølgje NAV si bedriftsundersøking frå mai manglar det 5350 sjukepleiarar i Noreg. Men det er ikkje berre dei det er for få av.
– Vi opplever stor helsepersonellmangel, både sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar i heile kommunen. Dette er ein liten del av det, men det hjelper veldig mykje, seier Kalvik.
Andersen seier at mange av medstudentane hans har måtta jobbe mykje ved sidan av for å få økonomien til å gå opp. Han er glad for at han valde ordninga til Aure.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKNo håpar dei også vernepleiarstudentar søker denne gongen.
Kommunesektorens organisasjon (KS) fortel at kommunane tar i bruk mange tiltak og gjer det dei kan for å tilby innbyggarane gode tenester.
66,5 prosent av kommunane har tatt i bruk ulike bonusordningar for å skaffe helsepersonell, ifølgje ei undersøking NRK gjorde i juni.
Marit Roxrud Leinhardt er avdelingsdirektør for arbeidsliv og arbeidsgivarpolitikk i KS.
Foto: KS«Det er fortvilande for kommunane at mangelen på arbeidskraft er stor, spesielt gjeld dette innanfor helsesektoren. Innanfor tariffavtalens grenser står den enkelte kommune fritt til å sette inn tiltak for å behalde og rekruttere nødvendig arbeidskraft.», svarer Marit Roxrud Leinhardt til NRK i ein e-post.
Trivst godt som sjukepleiar
Benjamin Andersen er nettopp ferdig utdanna. No er han på heimebesøk hos Jorunn Aas og skal måle blodtrykket hennar.
– Kva brukar blodtrykket ditt å vere, spør han henne.
– Som ein 17-åring, svarar ho og flirer, før Andersen konstaterer han ho har heilt rett.
Benjamin Andersen på heimebesøk hos Jorunn Aas i Aure.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKNo skal han jobbe fullt i Aure dei neste to åra. Han har fått prøve ulike avdelingar, og landa på at han likte best å vere på sjukeheim.
– Eg synest det er ein super plass å jobbe. Eg gler meg, seier Andersen.