Hopp til innhold

Aure kan misse Toppidrettsveka

Arrangøren treng ein halv million kroner frå kommunen for å kunne arrangere ny toppidrettsveke i Aure. Det er ikkje rådmannen interessert i å bidra med.

Marit Bjørgen i Aure

Toppidrettsveka har trekt til seg mange store idrettsnamn, blant anna Marit Bjørgen.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

I dag, tysdag, kan det vere skjebnedag for Toppidrettsveka i Aure, når kommunestyret skal avgjere kor mykje Aure kommune kan bidra med.

Arrangøren Norway Events må ha ein halv million kroneri støtte frå kommunen, men rådmannen har innstilt på berre 200.000 kroner.

– Det kan bety eit vere eller ikkje for rulleskiarrangementet i Aure, seier Håvard Sagli i Norway Events.

Viktig arrangement

Toppidrettsveka i Aure har sidan 2005 trekt til seg mange av dei største skiidrettsprofilane og fått topp TV-dekning på NRK.

Håvard Sagli i Norway Events er klar på at Aure no kan ryke ut som arrangør av det nasjonale rulleskiarrangementet.

– For Toppidrettsveka er det viktig at Aure kommune innfrir søknaden vår, seier Sagli.

Toppidrettsveka i Aure

Toppidrettsveka i Aure kan verte historie om kommunen ikkje har ein million kroner å spandere frå den slunkne pengekassen sin.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Les også:

Avhengige av kommunen

Men med ein slunken kommunekasse er det ikkje berre berre for Aure kommune å måtte ut med ein halv million kroner.

– På ein liten plass som ikkje har så sterkt næringsliv, har vi dessverre vore avhengige av støtte frå kommunen, forklarer Sagli i Norway Events.

Han understrekar at Aure kommune har vore flinke til å støtte opp under arrangementet.

Også i Kristiansund er det usikkert om kommunen kan bidra med støtte til
arrangementet der.

– Styrt av økonomi

No kan andre beilarar vere på banen, blant anna kan Rauma kommune vere ein sterk kandidat.

– Heldigvis er Toppidrettsveka interessant for andre aktørar i området, seier Sagli.

Han stadfestar at Rauma kommune er blant dei som har teke kontakt.

– Vi skal ha møte med Rauma kommune på nyåret, så får vi sjå korleis det går. Vi må vende oss dit det er vilje og evne, for det arrangere toppidrettsveke er veldig styrt av økonomi.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL