Hopp til innhold

Aure løyver 250.000 til Toppidrettsveka

Aure kommune vedtok tysdag å løyve 250.000 kroner til Toppidrettsveka. No må kommunen ha med næringslivet for å nå dei 500.000 arrangørane har søkt om.

Toppidrettsveka i Aure

Det er framleis ikkje klart om det blir Toppidrettsveke-arrangement i Aure neste år.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dermed er det ikkje avklara om det blir Toppidrettsveke i Aure også i 2014. Arrangørane i Norway Events bad kommunen stille opp med 500.000 kroner.

Ingunn Golmen

– Me håper å få med næringslivet i kommunen, seier ordførar Ingunn Golmen (SP).

Foto: Senterpartiet

– Me håper å få med næringslivet i kommunen, og har fått nokre positive signal, seier ordførar Ingunn Golmen (SP).

Arrangørane har vore i kontakt med andre kommunar, men håper framleis å ha arrangement der det heile starta. Dermed er støtta frå Aure kommune viktig, understrekar arrangørane.

Løyvinga som kommunestyret vedtok tysdag skjer berre dersom det kjem konkurransearrangementet til kommunen, fortel ordførar Golmen.

Rådmannen i Aure hadde innstilt at kommunestyret skulle løyve 200.000 kroner, men det blir altså auka til 250.000.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL