Hopp til innhold

Tiltalt for å ha tatt seksualiserte bilete av 37 jenter

Ein 44 år gamal ålesundsmann er tiltalt for å ha tatt seksualiserte bilete av 37 jenter. Mannen skal ha forklart at han ikkje forsto at det var ulovleg.

Ein 44 år gamal ålesundsmann er tiltalt for å ha tatt seksualiserte bilete av 37 jenter.

Skal ha vedgått fotografering

Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

Foto: NRK

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad seier til TV2 at bileta er av ein slik karakter at jentene åpenbart blir framstilt som seksualobjekt. Mannen skal ha vedgått å ha tatt bileta, men har ifølgje Ferstad forklart at han ikkje visste det var ulovleg.

Har eige fotostudio

Mannen har drive som hobbyfotograf og har eige fotostudio. Etter at saka blei kjend i slutten av februar i fjor, fekk politiet kontakt med over 70 jenter som skal ha blitt fotografert av mannen. Mange av dei skal han ha kome i kontakt med via sosiale medier.

Les meir:

Statsadvokaten har no konkludert med å tiltale han for å ha tatt bilete av vel halvparten, 37 jenter.

Les også:

Hevdar det skjedde frivillig

Forsvaren til mannen, Torgeir Hovland Langva, har tidlegare sagt at 44-åringen ikkje kjenner seg igjen i det som blir skrive om han. I fjor vår blei han varetektsfenglsa med brev- og besøksforbod i fire veker. Langva sa då til NRK Møre og Romsdal at fotograferinga skjedde i samråd med modellane.

Les meir: