Hopp til innhold

Over 70 var modell hos hobbyfotografen

Over 70 jenter har meldt seg til politiet og fortalt at dei har vore modellar hos fotografen i Ålesund som er sikta for overgrep.

16- åringen som vil fortelle sin historie

Jenta på 16 år har stått fram og fortalt om sin kontakt med hobbyfotografen. Her er ho saman med mor si.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Mannen har drive som hobbyfotograf i Ålesund og har eige fotostudio. Han er i 40-åra og er no sikta for seksuallovbrot mot fleire unge jenter. Etter at saka blei kjend i slutten av februar, har politiet no kome i kontakt med over 70 jenter som er blitt fotograferte av mannen.

Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

Foto: NRK

– Desse jentene har stort sett teke direkte kontakt med politiet. Vi har også namn på jenter som vi har fått gjennom den innleiande etterforskinga, seier politiadvokat ved Sunnmøre politidistrikt, Inger Myklebust Ferstad.

– Det er unge jenter

Det er ikkje kjent om nokon av jentene som har meldt seg har vore utsette for noko kriminelt. Politiet ønskjer kontakt med jentene for å få eit bilete av kva som kan ha skjedd.

– Dette er for ein stor del unge jenter som har vore til han for å late seg avbilde. Det har vore modellfotografering og liknande, seier Ferstad.

– Vil snakke med alle

Mannen har halde på med modellfotografering på hobbybasis sidan 2008. Mange av jentene han har fotografert er i alderen 15-18 år. Mannen skal i stor grad ha kome i kontakt med jentene via sosiale medier.

– Vi ønskjer å snakke med alle jentene. Vi vil danne oss eit bilete av kva som har skjedd når dei har vore til fotografering hos mannen.

– Trur det er fleire

Mannen har nekta straffskuld. Då han blei arrestert blei han varetektsfengsla i fire veker, og politiet har teke beslag i eit stort datamateriale.

– Vi trur at det har vore fleire jenter som har vore til fotografering. Og vi oppmodar dei som har vore der om å ta kontakt med politiet.