Hopp til innhold

Forsvararen krev full frifinning

Forsvararen til «hobbyfotografen» i Ålesund krev full frifinning på alle tiltalepunkta. Ho meiner jentene blei fotograferte frivillig, og at punkta om vald i familien er ein hemnaksjon etter at foto-saka kom opp.

Sol Elden

Sol Elden er forsvarar for mannen som står tiltalt for seksualisert fotografering av unge jenter på Sunnmøre.

Foto: Terje Reite / NRK

I Sunnmøre tingrett la forsvararen til «hobbyfotografen» i Ålesund ned påstand om full frifinning på alle punkt. Mannen er tiltalt for vald i heimen, seksualisert fotografering av jenter under 18 år, beføling og forsøk på beføling og bruk av narkotika.

Forsvararen krev at retten vurderer kvart enkelt bilete, og vurdere om desse bileta er lovstridige. Ho viste til rettspraksis om individuell behandling av kvart tilfelle, og at bilete som er ikkje teke inn i saka, ikkje er relevante for domfellinga.

– Retten må sjå vekk frå resten av materialet. Det er ikkje teke inn i saka, og min klient har ikkje hatt høve til å imøtegå den delen av materialet, sa forsvarar Sol Elden.

Forsvararen tok opp ei rekkje av bileta som aktor hadde lagt fram, og hevda at desse bileta ikkje blir ramma av straffelova.

– Dette er eksempel på bilete som er innanfor grensa av det som er lovleg. Og dei er ikkje verre enn det mange jenter elles lastar opp på Facebook, sa Sol Elden. Dette er for meg normale bilete, men det kan jo variere ut frå kva referanserammar ein har, fortsette ho.

Forsvararen la også vekt på at jentene opplevde fotosessjonane som positive. Alt snudde då politiet slo til mot fotostudioet.

– Då blei han framstilt som den slibrige «hobbyfotografen» i Ålesund. Men alle jentene hadde kome frivillig. Mange kom fordi dei hadde sett slike bilete hos andre. DET var akkurat desse vågale bileta. Fleire vitne har forklart at det kunne vere gøy å prøve studiokleda til fotografen, heldt forsvararen fram.

I ettertid har fleire angra, og at dei i ettertid ser at aktiviteten i fotostudio ikkje var bra.

– Dette kan ikkje tilleggast vekt. Jentene kan ikkje på ein enkel måte innta offerrolla. Medverknaden til jentene må ha innverknad, sa forsvarar Sol Elden.

– Eg kan setje meg inn i situasjonen. Dei kan angre som berre det. Men deira deltaking må også tilleggast vekt, sa forsvararen.

I punkta om beføling, bad forsvararen retten om å ta omsyn til om jenta aksepterte at fotografen tok på henne. Det ligg føre video frå hendinga, og forsvararen meinte den kunne dokumentere ei stemning som la til rette for slik beføling.

I si prosedyre avviste også forsvararen at mannen hadde slått den tidlegare sambuaren og den eldste sonen sin. Ho karakteriserte punkta om vald som ein hemnaksjon etter at politiet slo til mot studioet til fotografen.

– Min klient er klar på at han ikkje har slått. Han har heller ikkje trua med å slå, sa forsvarar Sol Elden. Han kjenner seg ikkje att i dei beskrivelsane familiemedlemer har gitt av han, fortsette ho.

Forsvararen hevda at påstandane om vald kom etter at mannen blei pågripen i samband med fotografering av jentene. Ho kalla punkta ein rein hemnaksjon.

– Dette er ein hemnaksjon fordi at fotografsaka blir kjend,ei sak som blir oppblåst i pressa. Politiet pressa sambuaren på eit sårbart tidspunkt, og sonen hengde seg på saka som mora reiste, sa aktor i si prosedyre onsdag ettermiddag.

Det er venta dom i saka 4. juli.