NRK Meny
Normal

«Hobbyfotografen» må 18 månader i fengsel

Ålesundaren er dømd til 18 månader fengsel for mellom anna vald mot kona og sonen, og større produksjon av seksualiserte bilde av born.

Fotograf rettssak

Aktor Inger Myklebust Ferstad (bak til høgre) og éin av to bistandsadvokatar for dei mange jentene, Mette Ekroll Nyland, under rettssaka mot den tiltalte «Hobbyfotografen».

Ein 44 år gammal mann frå Ålesund er dømd til fengsel i eitt år og seks månader for mellom anna å ha tatt seksualiserte bilde av 36 jenter.

Mange av dei var under 18 år då bilda blei tekne.

Hovuddelen av straffa er likevel knytt til vald mot familiemedlemmer.

Forsvararen til mannen la ned påstand om full frifinning, medan Sunnmøre tingrett altså dømde mannen til fengsel i eitt år og seks månader.

Utnytta jentene

Ifølgje dommen blei mannen frifunnen for eitt av tilfella der seksualiserte bilde, av i alt 37 jenter, var på bordet.

– I straffeskjerpande retning legg retten vekt på at det skal utmålast straff for 36 jenter, og at det i kvart tilfelle er betydeleg med bildemateriale som framstiller jentene på ein måte som er egna for å gi seksuelle assosiasjonar, blir det sagt i dommen.

I tillegg legg retten vekt på at den tiltalte sin aktive og til dels manipulerande framgangsmåte.

– Han har utnytta unge jenter sin naivitet og deira interesse for fotografering på ein utspekulert måte, noko som har medført at jentene blir framstilt som seksualobjekt.

Det blei beslaglagt mange tusen seksualiserte bilde. Sjølv om mannen aldri brukte fysisk makt eller tvang for å ta bilde, kom retten fram til at tiltalte sine handlingar var utspekulerte og til bruk for å oppnå seksuell tilfredsstilling.

I tillegg til bildetaking var: eitt tilfelle av seksuell handling, eitt tilfelle av forsøk på seksuell handling, tre tilfelle av seksuell åtferd og bruk av hasj straffeskjerpande.

– Kontinuerleg frykt

På punktet om familievald framheva retten mannen sine sinneutbrot.

– Den kontinuerlege lastinga med frykt for den tiltalte sine sinneutbrot, og med moglegheita for vald, må framhevast som dei mest alvorlege karaktertrekka, seier dommen.

Det er skjerpande at familievalden, mot den tidlegare sambuaren og sonen, gjekk føre seg over fleire år. Retten framhevar også sonen sin sårbare alder.

Samla sett blei 44-åringen dømd til 18 månader i fengsel. I tillegg må han betale 60.000 kroner til både den tidlegare sambuaren og sonen, samt 15.000 kroner i sakskostnader.

Forsvarar til mannen, Sol Elden, opplyser at ho ikkje har fått prata med den tiltalte om ein eventuell anke.

Les også: