NRK Meny
Normal

– Mange modelljenter har tatt kontakt

Politiet har fått stor respons frå unge modelljenter som har blitt fotografert av den overgrepssikta hobbyfotografen i Ålesund.

Inger Myklebust Ferstad

FLEIRE: Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad trur det fins fleire unge modellar som enno ikkje har kontakta politiet.

Foto: NRK

I går bad politiet jenter som har stått modell for fotografen om å ta kontakt. Dei fryktar at han har forgripe seg mot fleire enn det han alt er sikta for.

God respons

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad ved Sunnmøre politidistrikt er godt nøgd med responsen frå fotograferte jenter.

– Vi vart kontakta av veldig mange jenter i går ettermiddag og kveld, seier ho til NRK.

Eit konkret tal på kor mange som har kontakt, vil ho ikkje ut med.

Mannen i 40-åra er sikta for seksuallovbrot mot fleire unge jenter han har fotografert.

– Vi har no namnet på veldig mange jenter, og vi skal følgje dei opp vidare, seier Ferstad.

Politiadvokaten vil ikkje seie noko om kva informasjon politiet har fått frå jentene. Dei skal i løpet av dei næraste dagane gå gjennom dei nye opplysningane i saka.

Overgrepssiktet fotograf tar kontakt på Facebook

PÅGÅANDE: Den overgrepssikta fotografen har vore pågåande mot unge jenter på Facebook.

Unge jenter

Hobbyfotografen har hatt studio i Ålesund sidan 2008. Mange av jentene han har fotografert er mellom 15 og 18 år.

Politiadvokaten trur det er mange foreldre som ikkje veit at jentene har vore i studioet til mannen.

– Vi ber difor foreldre vere på vakt, og snakke med ungdommane sine om dette, seier Inger Myklebust Ferstad.

Mannen er varetektsfengsla i fire veker. Han klaga på avgjerda, men fekk avslag.