Hopp til innhold

Thomas (26) feirar jul om bord i ein fiskebåt

Medan dei fleste av oss feirar jul heime hos kjente og kjære, må nokon jobbe i jula. Ein av dei er 26 år gamle Thomas Optun frå Ålesund.

Juletre på båten

JULEPYNT: Er det jul, så er det jul. Inne i båten har Thomas Optun selvsagt et juletre.

Foto: Thomas Alnes Optun/PRIVAT

Thomas Alnes Optun

JOBBJUL: Thomas Alnes Optun feirer jul ombord på Veidar 1. Bildet er tatt på ferie i Kroatia, noe helt annet enn Tromsø kan man si.

Foto: Thomas Alnes Optun/PRIVAT

Fleire hundre mil heimanfrå feirar han jula om bord i ein fiskebåt i Tromsø

– Eg trudde kanskje det skulle bli einsamt, men det har ikkje vore kjedeleg så langt. Det er fleire båtar som ligg til kai her oppe som kan halde kvarandre med selskap, fortel han.

Dei tre siste dagane har Optun vore aleine på fiskebåten Veidar 1, som er heimehøyrande på Godøya i Giske kommune. Der skal han vere fram til han reiser heim til Ålesund på juleferie 30. desember.

– Då blir det ein liten ferie før eg reiser ut på sjøen igjen, seier Optun.

Melde seg frivillig

Båten

BÅT: Det er denne båten Thomas Optun skal jobbe på i jula.

Foto: Thomas Optun Alnes/PRIVAT

Medan kollegaene reiste heime for å feire jul vart Optun att i Tromsø for å passe på båten. Han melde seg sjølv frivillig til å ta jobben.

– Det er klart det freistar med dei ekstra pengane, men eg høyrde om denne vakta for første gong då eg byrja på sjøen for ti år sidan. Då synest eg det høyrdest ganske trist og kjedeleg ut å sitte her aleine på julaftan, fortel han.

Likevel lét han seg fasinere av moglegheita.

– Det er ganske spesielt å feire jula på ein båt langt oppe i nord, så eg greip sjansen når moglegheita baud seg, seier han vidare.

– Kva synest familien di om at du ikkje er heime i jula?

– Situasjonen i år er ganske spesiell ettersom både faren, onkelen og to av brørne mine er ute på sjøen denne jula. Så det blir ikkje ei vanleg julefeiring i år. Eg har heldigvis ein bror som er heime som kan halde mora mi med selskap, seier Optun.

Julefeiring om bord i båten

26-åringen ser ikkje mørkt på å skulle feire jul om bord i båten, og trur det blir nok av arbeidsoppgåver å fylle dagane med.

– Eg har ein del ansvar på båten, som å følge med på vêret og sørge for at båten er riktig fortøydd. I tillegg må eg halde oppsyn med det som foregår i motorrommet, seier han.

Og litt julefeiring blir det også tid til, fortel Optun.

– Treet vart sett opp av stuerten før han reiste, og så fekk eg ein pakke heimanfrå som eg kan opne seinare. I tillegg skal eg og dei som er om bord i dei andre båtane ta oss ein tur på Hurtigruta og ete ein skikkeleg god julemiddag, så det blir kjekt, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL