Hopp til innhold

Teo (6) klarer ikkje å halde seg unna fjellet

Teo (6) og storesystera Sofie Berget Gundersen (8) har vore på over 30 turar i sommar. Dei elskar å gå på fjellet, og er som gjerne ute med fjellskoa sine annan kvar dag.

Teo Berget Gundersen med familien

Teo Berget Gundersen (6) jublar på toppen av Liafjellet i Ørskog. Bak f.v. pappa Viggo Berget Gundersen, morfar Ove Berget, mamma Monica Berget, delvis skjult systera Sofie Berget Gundersen og mormor Gunn Berget.

Foto: Synnøve Hole

Syskenparet Teo og Sofie Berget Gundersen frå Ålesund har vore på fleire fjellturar enn dei aller fleste på sin alder. Og kan skilte med turar og toppar som mange vaksne ikkje anar kvar er – og langt mindre kunne tenkt seg å prøve.

– Veit du kva? Eg pleier ikkje å bli sliten, gliser Teo og spør om vi kan kappspringe oppover fjellsida til Liafjellet (528 moh.) i Ørskog.

Les også:

Konkurrerer om å nå toppen først

Vi møtes i det familien skal ut på ein av sine mange turar denne sommaren.Dagens mål er fjellet rett bak Ørskog sentrum.

Teo og Sofie Berget Gundersen på tur

Teo Berget Gundersen (6) og Sofie Berget Gundersen (8) konkurrerer gjerne om å kome på toppen først. Og aller viktigast er det kanskje for veslebror.

Foto: Synnøve Hole

– Kom igjen, skal vi konkurrere, og sjå kven som finn koden først, ropar familiens seksåring og legg i veg i høg fart oppover fjellsidene så foreldra og besteforeldra har sin fulle hyre med å følgje.

På toppen av kvart turmål finst ein hemmeleg kode som må registrerast. Dei som klarer å finne flest kodar vinn heile konkurransen. Og slikt fengjer seksåringen og systera Sofie.

På tur sidan dei var spedbarn

Familien Berget Gundersen på tur

Monica Berget på tur med ektefelle Viggo Berget Gundersen. Bak Sofie og Teo Berget Gundersen.

Foto: Synnøve Hole

Dei har vore med på tur sidan dei sat i beresele som spedbarn. I fjor oppdaga foreldra turprosjektet "Stikk UT" og dette sette ekstra fart på turlysta.

– Det var ein gong vi lovde tur, og så blei det overskya, slik at vi droppa det, og då begynte dei å gråte, ler Viggo Berget Gundersen.

– Av og til må vi pushe bitte litt. Nokre gongar vil den eine, og ikkje den andre, men når vi kjem i gang så er det stort sett alltid kjekt, legg Monica Berget til.

Heile familien på toppen av Vikafjellet

Tre generasjonar Berget Gundersen på toppen av Liafjellet i Ørskog.

Foto: Synnøve Hole

Gjekk over 1000 turar i fjor sommar

Det er friluftsråda i fylket som står bak "Stikk UT", og poenget er å besøkje flest mogleg av dei over 300 turmåla over heile fylket.

Dei ivrigaste går fleire turar for dag, og kivar om å vinne når oppteljinga blir gjort 31. oktober. Sigeren gjekk i fjor til Are Uran frå Averøy, med over 1 000 turar på eit halvt år.

Ola Fremo

Ola Fremo i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal seier dei aldri før har fått med seg så mange ut på tur.

Foto: Gunnar sandvik

– Vi er veldig begeistra over at så mange vel å bruke Stikk UT som ein følgjesvein. Vi har aldri vore i nærleiken av så mange som i år, seier Ola Fremo, agleg leiar i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

Les også:

Imponerte over tempoet til topps

Grete Rønstad og Ann Elisabeth Nogva

Grete Rønstad (t.v.) og Ann Elisabeth Nogva er imponerte over ungane som spring oppover fjellsida og er så glade i å gå på tur.

Foto: Synnøve Hole

Grete Rønstad og Ann Elisabeth Nogva sit allereie på toppen av Liafjellet når familien kjem til topps. Dei har sett ungane som spring oppover fjellsida og er imponerte.

Det er heilt fantastisk, dei er flinke, seier Rønstad. Ho og venninna blir overraska når dei høyrer at turen opp tok mindre enn ein time.

Det er imponerande, vi brukte ein og ein halv time, ler ho.

Går for 100

Så langt har familien 32 turar. Denne dagen er dei på Liafjellet, og kan dermed notere endå ein.

Den turen vi har gått mest er rundt Lillevannet, seier Sofie, og seier han er så kort at dei ikkje rekk å bli slitne. For kvar runde dei går, får dei eitt poeng.

Konkurransen varer frå 1. mai til 31. oktober, og målet hos dei yngste er klart.

100! Då kjem vi til å vinne, ler Teo og Sofie Berget Gundersen.

Og får kvar sin kvikklunsj til premie.

Sofie og Teo Berget Gundersen

Syskenkjærleik i fjellet. Sofie Berget Gundersen (8) og veslebror Teo Berget Gundersen (6).

Foto: Synnøve Hole

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL