Hopp til innhold

Stikk ut utvidar – håpar å få med heile Noreg på tur

Det populære folkehelsetiltaket «Stikk UT!» har fått titusenar av nordvestlendingar ut på tur. No vil dei utvide til nye delar av Noreg.

Friluftsrådet en ny ordning for "Stikk ut"

Sidan 2005 har motivert folk i Møre og Romsdal til å gå turar. No blir det tilgjengeleg for fleire delar av landet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Stikk ut er ei motivasjonsordning for å få fleire folk ut på tur. Friluftsråda i Møre og Romsdal har i løpet av mange år merkt meir enn 500 turmål som folk kan registrere i app eller på nett.

I 2023 var 40.000 deltakarar med på sommarsesongen. Dei gjekk nesten éin million turar til saman. I tillegg går ein del ski og fotturar på vinter.

Lanserer «Stikk Ut! Norge»

No vil dei utvide og nå ut til fleire delar av landet, på sikt håpar dei å få med alle friluftsråda i landet.

– Det blir bra. Stikk ut er velkjent her i regionen, vi har halde på sidan 2005. Vi har nesten tjue prosent av befolkninga som er aktive. Det er eit modent konsept som har vakse fram og er godt etablert, så det er det som motiverer dei andre friluftsråda, seier Hilvi Auerdahl, prosjektleiar i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

Først ut til å bli med er friluftsråda i Finnmark, Nord- og Midt-Troms, Vesterålen og Midtre Hålogaland i Nord-Noreg, Fjordane i vest og Lister i sør.

– Det er ein tredel som blir med i første om gang på pilotprosjektet, så satsar vi på å få med fleire og kanskje alle i løpet av ein treårsperiode, seier Auerdahl.

Stikk Ut Norge

Friluftsrådet lanserer «Stikk UT! Norge» som blir tilgjengeleg frå sommarsesongen startar 1. mai.

Foto: Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal

Dei har fått to millionar kroner frå Sparebanken Møre til utvikling.

– Det går i hovudsak til å utbetre appen og gjere den klar til å kunne takle eit «Stikk UT! Norge» Ein vil merke at det blir meir brukarvennleg og raskare, seier Auerdahl.

Ho meiner konseptet har eit sterkt potensial til å bli eit nasjonalt utbreidd fenomen som slår an over heile landet på sikt.

– Folk blir veldig motivert av å delta. Det er gode kvalitetssikra turar, ulike vanskelegheitsgrader, og verkeleg for alle. Vi legg vekt på hensynet til natur, parkeringsmoglegheiter, god kommunikasjon med grunneigarar og at det er bra stiar og merking, seier Auerdahl.

Ifølgje Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal er nesten 20 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal brukarar av tenesta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL