Hopp til innhold

Syklar til Asia: – Kjenner det allereie i låra

To kompisar frå Sørlandet har lagt ut på ein mildt sagt strabasiøs sykkeltur.

Erik Waaland Andersen og Casper Sætra.

5000 kilometer skal leggast ned på sykkel for Kasper Sætra (bildet) og kompisen Erik Waaland Andersen det neste halvåret.

Foto: privat

– Eg skal ærleg å seie at eg kjenner det litt i låra og rumpa, seier Erik Waaland Andersen.

NRK snakkar med han eitt døgn inn i reiseeventyret han og kompis Kasper Sætra har gitt seg ut på.

Starten var i Arendal denne veka. Målet er Asia. Og framkomstmiddelet er sykkel.

– Det er i botn og grunn for å gjere noko annleis. Prøve noko nytt og komme seg litt vekk frå A4-livet, seier Andersen.

Les også Planlegger stadionkonsert for 20.000 på stillehavsøy

Kyrre Waag sammen med fans han møtte på landsbygda i Papua Ny-Guinea.

5000 kilometer

I eitt år har duoen førebudd seg, spart opp pengar og trena seg opp både fysisk og mentalt.

Heile reisa skal dei dokumentere på sosiale medium. Og det er ikkje berre for moro skuld.

For medan turen går føre seg, skal kompisane samle inn pengar til Leger utan grenser.

– Det er ein organisasjon som vi backar 100 prosent og som gjer eit utruleg viktig arbeid. Spesielt no med tanke på alt som skjer i verda, seier Andersen.

Erik Waaland Andersen.

KURS MOT ASIA: Erik Waaland Andersen gler seg til å utforske eit nytt tilvære det neste halvåret.

Foto: Kasper Sætra

Minst eit halvt år skal 24-åringane vere på sykkelsetet nedover Europa.

Dei reknar med at turen vil vere cirka 5000 kilometer lang.

Det var Agderposten som skreiv om saka først.

Sætra fortel at han har sagt opp jobben som skuleassistent og at han er klar for å reise så lenge dei orkar.

– Han har lyst til å sykle heilt til Japan, han, seier Andersen lattermildt.

Casper Sætra.

Kasper Sætra på veg mot Aalborg i Danmark. Han er klar for å reise langt dei neste månadene.

Foto: Erik Waaland Andersen

Kor endestoppet blir, får tida vise. Men gutane veit i alle fall at det blir ein eller annan stad i Asia.

– Vi får ta ei vurdering når vi har komme til den asiatiske delen av Istanbul om turen går tilbake heim, eller om vi berre held fram vidare, legg han til.

Teltliv og oppoverbakkar

24-åringane har med seg telt som dei skal vere dei fleste av reisenettene i.

Kva slags opplevingar som ventar det neste halvåret, vil tida vise. Sørlendingane tek reisa stort sett som ho kjem.

Les også Kameratar i rally gjennom Sahara: – Bilen imponerte

Kamerater i rally

Men nokre planar har dei lagt:

– Vi må innom ein vingard i Italia. Men den draumen får eg ta når han er realitet, seier Andersen.

– Kva blir det mest utfordrande på turen?

– Oppoverbakkar. Det er det eg har kjent på hittil, ler Andersen.

Men såre lår og rumper går det fint an å leve med:

Det stoppar ikkje meg.

Les også Valgte bort oppussing – dro på ett års reise

Den store reisen

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 01 1,06 kr
Dyrest kl. 07 1,25 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %