Hopp til innhold

Stillesitjande bussjåførar stikk ut på tur

Friluftsråda i Møre og Romsdal legg til rette for at bedrifter skal kome seg meir ut på tur. No har bussjåførane i Nettbuss Møre tatt utfordringa.

Rolf Inge Refsnes og Kåre Gunnar Haugen

Rolf Inge Refsnes og Kåre Gunnar Haugen frå Nettbuss Møre er ivrige turgåarar.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Det er blå himmel og strålande sol. Turveret er perfekt og det veit dei to bussjåførane i Nettbuss å sette pris på. Busselskapet har meldt seg på eit turopplegg gjennom Sunnmøre friluftsråd og no nyttar dei tida før kveldsskiftet.

Hittil har det blitt 46 turar på Kåre Gunnar Haugen, fordelt på over 30 plassar. Han går både åleine og saman med kollegaer når han skal sanke flest mogleg turpoeng.

– Den største konkurrenten er meg sjølv, seier Haugen.

Stillesitjande på buss
Kåre Gunnar Haugen

I Møre og Romsdal er det ca 300 ulike Stikk ut-turar å velge mellom, som folk kan registrere seg i.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Kollega Rolf Inge Refsnes har registrert 78 turar berre sidan 1. mai. Han er ein ivrig fjellgåar året rundt og synest det er kjekt å få med fleire av kollegaene på tur. Bussjåføryrket inneber mykje stillesitjing.

– Eg synest det er positivt å bevege meir på seg, så vi ikkje sit oss i hel, seier Refsnes.

Han ser at mange har blitt ivrige på turgåing og kollegaene sjekkar stadig kor mykje andre har gått, for å samanlikne med seg sjølv. 77 tilsette har meldt si interesse for turane, men ikkje alle har starta å gå. Ein gang i veka møtast kollegaene for å gå tur.

LES OGSÅ:

Stabilt blodsukker

Kåre Gunnar Haugen

Kåre Gunnar Haugen sit mykje stille i jobben som bussjåfør. Han har diabetes, men føler at forma har blitt betre etter at han starta å trimme.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Det var Kåre Gunnar Haugen som tok initiativet til at Nettbuss Møre skulle melde seg på.

– På sikt trur eg turane vil bety mykje. Vi treff kvarandre på ein heilt annan måte og ikkje berre i ei kantine og på vegen, seier Haugen. Han trur også at turane har helsemessig gevinst. Sjølv har han diabetes og merkar på sin eigen kropp at trening er bra. På tur opp til Rollonhytta i Sula sparer bussjåføren seg for ei insulinspøryte.

– Blodsukkeret er mykje meir stabilt og eg føler meg meir vaken og oppegåande, seier Haugen.

Overraska over responsen

May Britt Haukås

May Britt Haukås er leiar i Sunnmøre friluftsråd.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

May Britt Haukås er leiar i Sunnmøre friluftsråd. Ho er imponert over responsen frå bedriftene.

– Vi er gledeleg overraska. Vi hadde sett oss eit mål om å få med 30 bedrifter i løpet av sesongen, men no er vi nesten der etter berre ein månad, seier Haukås.

Stikk UT er ein turkassetrim, der alle registrerer turane dei går elektronisk og samlar poeng. Førebels finst Stikk ut berre i Møre og Romsdal, men over alt i landet er det liknande opplegg.

– Det viktige er at folk kjem seg ut, får desse fine naturopplevingane og litt betre kondisjon, seier Haukås.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL