Hopp til innhold

Startar bygging av vindturbinar før klagen er behandla

Bygginga av åtte vindturbinar på Haramsfjellet på Sunnmøre startar før kommunen sin klage er behandla. Folk er sinte og fortvila, og vil stanse heile prosjektet.

Visualisering av vindkraft på Haramsfjellet

Slik kjem det til å sjå ut når vindkraftanlegget er bygd på Haramsfjellet.

Foto: Haram kraft

I slutten av september skal bygginga av åtte vindturbinar på Haramsøya starte. Mange folk på øya er provoserte. Dei meiner at utbyggaren burde ha venta til ankesaka var ferdig.

Fristen for å klage på detaljplanen har ikkje gått ut og leiaren for protestgruppa, Birgit Oline Kjerstad, er fortvila.

– Det er ingen tvil om at både lokalsamfunnet og kommunen har blitt overkøyrd i denne saka. Eg skjøner at utbyggaren tenker at her er det berre å køyre på, seier Kjerstad.

Birgit Oline Kjerstad

Birgit Oline Kjerstad er leiar for Nei til vindkraftverk på Haramsøy.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fryktar for fuglelivet

Haram vindkraftverk fekk konsesjon allereie i 2008 og i august 2019 godkjente NVE detaljplanen for utbygginga. Samstundes sa eit samrøystes kommunestyre at dei ikkje ynskjer vindkraftutbygging på Haramsfjellet. Politikarane meiner at konsesjonsspørsmålet må bli vurdert på nytt.

Grunnen til at mange øyfolk og politikarar ikkje ynskjer 150 meter høge vindturbinar på fjellet, er både det visuelle, frykta for støy og frykta for kva vindturbinane vil gjere med fuglelivet på øya.

– Havørna blir mest truleg kappa i to etter at turbinane kjem opp, hevdar Kjerstad. Delar av området ligg i eit naturreservat.

Tek til tårene

Cine Finstad Austnes

Cine Finstad Austnes (Frp) synest det er uverkeleg at byggearbeidet skal starte no.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Lokalpolitikar Cine Finstad Austnes (Frp) er så opprørt over utbygginga at ho tek til tårene. Ho vart overraska då meldinga kom, om at byggearbeidet snart skal starte.

– Det er heilt uverkeleg. Eg trudde ikkje dei kunne gjere noko som helst no, seier Austnes.

Ordføraren kallar inn til ekstraordinært formannskapsmøte neste veke for å sende inn klage til Olje- og energidepartementet, dersom ikkje kommunen får forlenga frist.

Austnes vil ta saka høgare i det politiske systemet etter klagen er innsendt og Ålesund Frp skal ha møte med Olje- og energiministeren Kjell-Børge Freiberg (Frp).

Ein liten risiko å starte no

Olav Rommetveit

Olav Rommetveit er dagleg leiar i Zephyr.

Det er finske Taaleri Energia som har kjøpt vindkraftanlegget og energiselskapet Zepyr står for utbygginga. Dagleg leiar i Zephyr, Olav Rommetveit, seier at dei har konsesjon til å starte bygginga. Når detaljplanen no er godkjent, er det lite truleg at styresmaktene overprøver den, ifylgje han.

– Vi tar ein risiko med å starte utbygginga no, men sjansen for at det blir endringar i prosjektet er liten, seier Rommetveit.

Planane om vindkraftanlegg har halde på i 21 år og ifylgje Rommetveit har det vore god dialog med grunneigarane og kommunen. Han forstår likevel at mange i lokalbefolkninga er bekymra for vindkraftanlegget, sjølv om alle krav er oppfylt.

Sivil ulydnad

Birgit Oline Kjerstad nektar å gi opp kampen. Protestgruppa skal ha møte i helga og då skal dei vurdere neste steg, for å hindre utbygging.

– Mange er veldig fortvilte over situasjonen og vi må vurdere om vi skal gå til sivil ulydnad, seier Kjerstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL