Hopp til innhold

På dette fjellet kjem 150 meter høge vindturbinar

Over heile landet protesterer folk mot vindturbinar i nabolaget sitt. No tar også øyfolket på Sunnmøre kampen, sjølv om utbygginga vart bestemt for 10 år sidan.

Visualisering av vindkraft på Haramsfjellet

VISUALISERING: Slik meiner Haram kraft at det vil sjå ut med åtte vindturbinar på Haramsfjellet.

Foto: Haram kraft

150 meter høge vindturbinar på fjellet skaper raseri på Haramsøya i Haram. Planen er at dei åtte vindturbinane skal produsere straum frå neste år.

– Det følest ut som om noko blir rana frå oss utan at vi har påverkningskraft, seier Isabella Pareliussen.

Konsesjonen vart gitt for 10 år sidan. Haram kommune sa først nei til vindkraft, men etter at saka vart anka og kom til ny behandling i kommunestyret, snudde politikarane.

Pareliussen fryktar at turbinane øydelegg fuglelivet, med havørn, hubro og vandrefalk. Også turopplevingane og det visuelle kjem til å bli forringa, meiner ho og bygdefolket. Nokre av dei som bur nærast fjellet har fått tilbod om 30.000 kroner i kompensasjon fordi støyen kjem over den tillatne grensa, men ingen har takka ja.

Isabella Pareliussen

Isabella Pareliussen er sterkt imot bygging av anlegget. Ho brukar ofte å gå på fjellet. No fryktar ho at turområdet vert øydelagt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Vinden har snudd

Det er planlagt over 30 nye vindkraftanlegg i landet og fleire stader protesterer no folk mot utbygginga. Både Naturvernforbundet og Den Norske Turistforening er kritisk til øydelegginga av naturområda.

Forskingsleiar, Lars H. Gulbrandsen, ved Fridtjof Nansens Institutt, seier at vindkraft har generelt hatt stor støtte både politisk og i befolkninga, men at motstanden har auka sterkt det siste året.

– Vi har hatt ei langsam og forsiktig utbygging samanlikna med nabolanda våre. No ser vi at det er stor interesse for å bygge ut. Folk får det nærare inn på seg og ser konsekvensen på ein annan måte enn før, seier Gulbrandsen.

Han forstår at lokalsamfunn rundt om i landet protesterer mot utbygging og at dei føler seg overkøyrde. Fleire plassar har konsesjonen blitt gitt for fleire år sidan, men utbyggarane har venta på at finansieringa skal gå i orden. I åra som har gått har mykje endra seg. Vindturbinane blir ofte høgare enn det som låg i konsesjonsvedtaket og plasseringa kan ha endra seg. Det kan bety at det kommunen ein gong var positive til, er dramatisk endra.

– Frå eit demokratisk perspektiv er det problematisk at det er så lite lokal medverknad i fasen etter at konsesjonen er gitt, seier Gulbrandsen.

Kristin Ankile

Kristin Ankile er dagleg leiar i Haram Kraft. Ho trur protestane andre stader i landet, har ført til at bygdefolket på Haramsøya mobiliserer.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Berre detaljar står att

Dagleg leiar i Haram kraft, Kristin Ankile, trur det er protestane andre stader, som er grunnen til at bygdefolket på Haramsøya mobiliserer.

– NVE meiner at fordelane med vindparken er større enn ulempene. Konsesjonen vart gitt etter fleire runder med offentlege høyringar. No er det berre detaljane som står att, seier Ankile. Folk kan seie meininga si om anleggsplanen fram til 6. mai, men sjølve avgjerda om utbygginga er tatt for 10 år sidan og kan ikkje klagast på.

Toget er gått

Vebjørn Krogsæter

Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp), meiner det er for seint å stoppe utbygginga.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ordføraren i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp), seier at løpet køyrt.

– Det er ikkje eit spørsmål om å stanse prosjektet. No er det snakk om detaljane i utforminga, seier Krogsæter. Han trur anlegget vil vere positivt i det store bilete med grøn energi.

Sidan konsesjonen i 2009 har Haram Kraft har redusert talet på vindturbinar frå 16 til åtte . Til gjengjeld har turbinane auka frå 80 meter til 150 meter.

Isabella Pareliussen fryktar at utanlandske investorar no skal tene pengar på vindkraft i Noreg. Ho meiner at det grøne skiftet ikkje må bety at ein skal ofre norsk natur.

– Det er jo ikkje det at vi ikkje veit om den globale oppvarminga, men dersom vi skal bevare naturen, må ein kanskje sjå begge sidene, seier Pareliussen.

NRK skreiv først at Haram kommune protesterte mot vindkraft. Det rette er at dei først sa nei, men snudde i saka. Dette er no endra i artikkelen.

Ulla på Haramsøya

Dei som bur like under fjellet har starta ei aksjonsgruppe mot utbygging.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL