Hopp til innhold

Vurderer å skifte jobb på grunn av Helseplattforma

I ei undersøking Den norske legeforening har gjort blant sine medlemmar i Helse Møre og Romsdal, seier over 60 prosent av dei 423 legane som har svart at dei vurderer å slutte viss Helseplattforma blir innført.

Det er totalt 839 legar som er blitt spurt, men berre 423 som svarte.

Av dei som svarte var det 15,6 prosent som svarte at dei leitar aktivt etter ny jobb, 5,2 prosent svarte at dei vurderer å pensjonere seg tidlegare enn planlagt, og 41,1 prosent av dei som svarte seier at dei vurderer å skifte jobb, men søker ikkje aktivt etter ny jobb.

– Hovudårsaka er at legar vurderer å slutte er at kvaliteten på løysinga ikkje er god nok, seier Fredrik Axelsson som er føretakstillitsvalt i Yngre legers forening.

Fredrik Axelsson. Lege ved Ålesund sjukehus og tillitsvalgt i Yngre legers forening.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL