Hopp til innhold

Slår alarm om gjørmefylt elv: – Ser ikkje eit livsteikn av verken fugl eller fisk

Surna er ei populær lakseelv, men dei siste dagane har store mengder slam og gjørme dukka opp på elvebotnen.

Georg Solem

Georg Solem i elveeigarlaget demonstrerer kor mykje gjørme det er i Surna. Lenger ute blir mengdene større.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Lakseelva på Nordmøre blei fylt med gjørme etter at Statkraft regulerte vassføringa. No fryktar elveeigarane at fleire generasjonar fisk kan vere tapt.

Ein halv meter gjørme

Elva blir regulert av demningane oppe i Trollheimen. I samband med ei stor rehabilitering av anlegget, sleppte Statkraft nyleg ut ein god del vatn for å halde på minstevassføringa.

No er ikkje elva til å kjenne igjen.

– Det er veldige mengder, heilt merkeleg. Det er frå fem centimeter her vi går no, og jo lenger ut du går, jo meir blir det. Heilt opp i femti centimeter har vi greidd å måle, seier Georg Solem i Surna elveeigarlag.

No fryktar han for dyrelivet og fisken. Den slamdekte botnen er der botndyra lever, maten til ungfisken, men no er dei ikkje å sjå.

– Tragisk hending

Statkraft hadde løyve frå NVE til å sleppe ut vatn, slik dei òg gjer i andre damopprustingsprosjekt. At det skulle få slike følgjer var likevel overraskande.

– Vi forventa ikkje at dette skulle bli eit problem, og det er beklageleg at noko blir skadelidande. Om vi kunne gjort noko annleis er vanskeleg å svare på no, seier Jon Aarbakk, prosjektleiar i Statkraft.

Jon Aarbakk i Statkraft

Jon Aarbakk i Statkraft er prosjektleiar for rehabiliteringsprosjektet av dammane i Trollheimen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Fredag hadde dei møte med NVE, elveeigarlaget, Surnadal kommune og Statsforvaltaren.

– Slammet ligg jo i dei rolege partia i strandsona, der vi veit det er ein del liv. Det er ein del gyteområde som er nedslamma, så det vil heilt sikkert påverke tilgangen fisken har til å gyte, seier Geir Moen, seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

– Det er ei tragisk hending, som følgje av eit arbeid som Statkraft er pålagt å gjere av NVE, seier Pernille Bruun ved Miljøtilsynet for vasskraft i NVE.

Måndag skal dei ha møte med Miljødirektoratet om hendinga og vegen vidare, og vurdere kva konsekvensar det kan ha fått for laks, sjøaure, botndyr og andre som lever i elva.

– Vi har hatt andre hendingar andre stader i landet, men ikkje i det omfanget her, seier Bruun.

Surna gjørme

Georg Solem meiner gjørma dekker dei rolege områda langt nedover dalen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Snart tid for gyting

Statkraft skal no sjå på kva dei kan gjere for å rydde opp. Men det hastar. Snart skal laksen begynne å gyte.

Georg Solem i elveeigarlaget for Surna er redd det har skjedd ein katastrofe for livet i elva.

– Når vi ser nedover her og ikkje ser eit livsteikn av verken fugl eller fisk, blir vi svært bekymra. For oss så verkar dette svært alvorleg, og eg er redd at fleire generasjonar av laks og aure kan bukke under, seier Solem.

Georg Solem

Georg Solem er bekymra for livet i elva.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK