Hopp til innhold

Store summar kan gå tapt for frivillige

Rydding av strender skulle gi pengar i kassa, men fristen er i ferd med å renne ut.

Søppel i strandsona

Nordmøre og Romsdal friluftsråd la opp til at strandrydding skulle gi gevinst. No kan nær 200 000 strandryddekroner gå tilbake til Miljødirektoratet i staden for til frivillige.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Nordmøre og Romsdal friluftsråd var ein av 56 aktørar som fekk pengestøtte frå Miljødirektoratet for sitt strandryddingsprosjekt i år. Friluftsrådet valte å bruke sitt tilskot på 258 000 kroner som ei panteordning. Med eit klistermerke på sekken skulle plukkarar få levere søppel frå standsona gratis og få 100 kroner på kjøpet per sekk levert.

Klistremerke for strandrydding

KLISTERMERKE: Med dette klistremerke på søppelsekken vil plukkaren få levere avfallet gratis og i tillegg få 100 kroner på kjøpet. No er spørsmålet kor 85 prosent av sekkane med dette merket har tatt vegen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

No kan frivillige frå Nordmøre og Romsdal gå glipp av nær 200.000 strandryddekroner.

Stor interesse, men få innleverte sekkar

Fleire lag og organisasjonar sette i sving ryddeaksjonar etter at Friluftsrådet lanserte panteordninga i september og det vart delt ut heile 1500 klistermerke.

Men berre 15 prosent av dei 1500 sekkane har kome til mottaka så langt. Driftsleiar ved renovasjonsavdelinga i Kristiansund kommune, Rolf Farstad, seier at siste leveranse kom inn i oktober.

Ola Fremo

SAMSVARAR IKKJE: Ola Fremo, dagleg leiar i Nordmøre og Romsdal friluftsråd seier at tal innleverte sekkar ikkje stemmer overeins med det store engasjementet rundt panteordninga.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Enten er det mange sekkar som ventar på å bli fylt eller så ventar dei på å bli levert på dei kommunale anlegga. Det er eit stort gap i forhold til tal klistermerke som vart delt ut, seier Ola Fremo, dagleg leiar i Nordmøre og Romsdal friluftsråd.

Store summar kan gå tapt

No byrjar friluftsrådet å bli stressa. For søppelpantepengane dei ikkje har fått delt ut innan jul, vil gå tilbake til Miljødirektoratet. Som nemnt nesten 200 000 kroner som eigentleg skulle gå til frivillige.

– Eg håper at alle som har fått klistremerke brukar dei og at vêret blir bra framover slik at vi kjem oss ut i fjøra for å plukke søppel, seier Fremo.

Miljødirektoratet har totalt delt ut 20 millionar til ulike strandryddingsprosjekt i år. Ut ifrå over 200 søkarar, var det til slutt 56 aktørar som fekk tilskot.